Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Preus

  • Denne veka, meir presist måndag, fylte Anne Grete Preus 60 år. Eg har tenkt ein del på det, og no har eg lyst til å skrive nokre ord om henne. I ungdomstida var eg ganske mykje åleine. Eg hadde vener, men det var akkurat som om det å ikkje vere med dei var like fint som å dele tida med nokon. Dermed blei eg ofte sitjande på t-banen mellom aust og vest. Fram og tilbake. I hendene hadde eg ein discman. Og i den låg det ei plate med Anne Grete Preus.