Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fire år sidan dei borgarlege lova å byggje Fornebubanen:

Kjem ingen veg

LØFTE I GRUS: I 2013 stilte dei fire partileiarane for dei borgarlege partia opp på eit grustak på Fornebu i Bærum og lova at dei skulle byggje Fornebubanen med éin gong. Sidan det har lite skjedd. Foto: Tore Guriby, Budstikka

JUBILEUM: Måndag er det fire år sidan dei borgarlege kom med sitt store løfte før sist stortingsval: Å byggje Fornebubana. Det har framleis ikkje skjedd noko, og partia skuldar på kvarandre.

29. mai 2013 stilte dei fire partileiarane for dei borgarlege partia opp på eit grustak på Fornebu i Bærum.