Klassekampen.no
Mandag 22. mai 2017
Uimotståeleg: Emmanuel Macrons 24 år eldre kone Brigitte vart skubba framfor ­kandidaten for alt ho er verdt, skriv Stephen Walton. Her er paret på kampanje. foto: Eric Feferberg, AFP/NTB Scanpix
Macron er prototypen på ein politikar som er redusert til seksualisert kropp.
Ein flink gut

Franskmennene fekk lov å velje mellom pest og kolera til presidentvalet, og dei valde kolera. Amerikanarane valde pest. Pest er høgrepopulisme, og kolera er «dei gamle elitane held fram som før men med eit nikk til kjønnsstereotypiane». Hadde amerikanarane hatt det valsystemet som franskmennene har, hadde dei også enda opp med kolera. Dødsraten til kolera ser ut til å liggje på mellom 1,6 og 3,6 prosent, mens pest ligg vesentleg høgare, 8–11 prosent. Heller kolera enn pest, altså.

Emmanuel Macron er ein marknadsføringssensasjon, enda eit prov på at det går an å selje kva som helst under fanen «Ny». Det er verkeleg eit kunststykke at ein som har eksamen frå eliteskolen École nationale d’administration, og vart både presidentens nærmaste rådgivar og økonomiminister, klarer å selje seg inn i ei så skeptisk offentlegheit som den franske som outsider.

Han er ikkje nett ein «Mann ohne Eigenschaften», fordi han har éin eigenskap. Han er både høgre og venstre og ingen av delane. Han er outsider, men ikkje på den inkompetente måten til Trump. Han framstår som gut, og som sterk mann med ein dramatisk sjølv­presentasjon der affekten og lidenskapen raskt glid over i hysteri. Han vil fornye – sjølvsagt – Frankrike, Europa, alt, samtidig som han har tenkt å føre vidare den høgresosialdemokratiske politikken til Hollande som har ført Sosialistpartiet inn i fortapinga og Frankrike inn i underskot på stats­budsjett og varig arbeidsløyse på rundt ti prosent. Og for å få fart på det heile lovar han dei same arbeidslivs­reformene, som dei heiter, som Hollande ikkje fekk igjennom, samtidig som han vil kvitte seg med 120.000 offentleg tilsette. Viss han ikkje får fleirtal for dette, vil han bruke dekret. Eg gler meg til ferien i Frankrike til sommaren. Det vil bli riktig spennande.

Den eigenskapen som Macron har, er å vere flink. Det ukonvensjonelle ved han som offentleg person er sjølvsagt den rolla som ektefella hans har fått i å stadfeste kor flink han er. Det er ikkje tradisjon i fransk offentlegheit for at ektefella (det vil seie i all hovudsak kona) til kandidaten er særleg synleg. Fillon stranda på at kona vart altfor synleg, og på feil måte. Mittérrand heldt seg med ein parallellfamilie som «alle» visste om, men heldt tyst om, fram til dei troppa opp i gravferda. Hollandes nattlege motorsykkelturar med damene som varma opp presidentkøya i Élysée-palasset framstod som komiske fordi han ikkje brydde seg om å halde eit normalt nivå av diskresjon.

Men Brigitte Trogneux vart skubba framfor kandidaten for alt ho var verdt, og det var ikkje lite. Hennar funksjon var å nagle fast bildet av den flinke unge mannen som trass i alt det tabuiserte og ukonvensjonelle ved situasjonen, var uimotståeleg. Når ho kunne falle for han, trass i ein aldersskilnad på tjuefire år, tre barn, motstand frå foreldra og kanskje litt sketchy yrkesetikk, korleis skulle det franske folk da kunne stå imot?

Samtidig sanna forholdet myten om den sterke, hyperpotente mannen. Guten vart til den vaksne mannen som Brigitte ti år seinare gifta seg med. For ein viljestyrke! For eit pågangsmot! At dette er ein utprega machostereotype som bekreftar mannens kjønnsmakt, er nokså opplagt. Berre prøv å reversere rollene. Hadde vi vore like imponerte om den femten år gamle jenta som forelska seg i den trettini år gamle mannlege læraren, og så kasta bort ti ungdomsår på å vente på han? Eller tenk om dette hadde vore historia om unge Emmanuel og halvgamle Bernard?

Sjølvsagt kan det kome noko godt ut av det nye franske presidentparet dersom forholdet deira er med på å avtabuisere sex og kjærleik mellom yngre menn og eldre kvinner. Det hadde også vore fint om dei skapte større aksept for alle slags forhold på tvers av generasjonane, sjølv om forhold mellom lærarar og elevar nok utgjer ein litt spesiell kategori.

Men poenget med det politiske produktet Macron er at korkje han eller vi vil snakke om politikken hans. Politikk er det uansett EU og pengefondet som driv med. Politikarar bestemmer over kroppsfunksjonar, kven som kan gifte seg med kvarandre, kva do vi skal gå på. Dermed er Macron prototypen på ein politikar som er redusert til seksualisert kropp. Og dermed fortalte han i sigerstalen nettopp at han skulle vere trufast mot Frankrike, og elske franskmennene. Den var ein bryllaupstale, ikkje politikk. Men vil franskmennene bli like trufaste som Brigitte?

stephen.j.walton@usn.no

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton og Hedda Lingaas Fossum skriv i Klassekampen måndagar.

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2017 kl. 10.15

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk