Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Troll, utyske og vondskapsfulle kjerringar: Njålssoga gjev ikkje nett eit positivt bilde av kvinners posisjon i vikingtidssamfunnet.

Kalde er kvinneråd

Kråkjerringa: Hallgerd Hoskuldsdotter i Njålssoga vart omtala som «eitt av to, kråkjerring eller hore». Når ein les soga, slår det ein kor einsidig negativt kvinnene er framstilte, skriv Ragnhild Lager. Illustrasjon: Utsnitt av eit vevsteppe ved Skógar Museum

Njålssoga har lite godt å seie om vikingtidas kvinner. Er det fordi forfattaren var prega av kristendomen?

Vi høyrer ofte at dei nordiske kvinnene i vikingtida hadde stor makt der dei gjekk rundt med nøklane i beltet sitt. Tja – tru det? Når ein les Njålssoga, slår det ein kor einsidig negativt kvinnene er framstilte: «Torhild Skaldekone. Ho var eit troll i kjeften…». Hallgerd er «eitt av to, kråkjerring eller hore». Hildegunn vert kalla eit «utyske», og vi får høyre at «kalde er kvenderåd».