Klassekampen.no
Lørdag 20. mai 2017
All den tida framfor spegelen, ikkje visste vi at det var livet.
Til årets konfirmantar: Ikkje gjer livet til eit venterom
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Dei fleste feministar prøvar frå tid til anna å sjekke sine privilegium. Kva er det med meg som kan gje meg ein ufortent fordel framfor andre? Skjønnheit er eit slikt privilegium. Møter du samfunnets standard for korleis ei vakker kvinne ser ut, lurer der nokre farar, men stort sett møter verda deg mjukare, opnare. Slik er det også for menn. Men mi erfaring er at det er unge jenter som oftast får sin verdi målt i korleis dei ser ut, og difor bruker mest tid og tankekraft på å ta seg godt ut.

I boka «The Girls» – «Jentene», som Cappelen Damm nettopp gav ut på norsk, skriv amerikanske Emma Cline om korleis den fjorten år gamle Evie les jenteblad som tek henne gjennom alle stega, alle tilpassingar og oppussingar på utsjånaden som må gjerast i løpet av sommarferien før skulestart til hausten. «Dag 28: Ta på ei ansiktsmaske av avokado og honning. Dag 14: Sjekk korleis sminka ser ut i ulike lys». Dette gjer Evie til ein «passiv veggpryd» i eige liv: «All den tida eg hadde brukt på å gjere meg klar, alle artiklane som lærte meg at livet eigentleg berre var eit venterom til nokon la merke til deg – den tida hadde gutane brukt på å bli seg sjølve».

Menneske har alltid forsøkt å gjere seg sjølv vakrare. I boka «Face value: The hidden ways beauty shapes women’s lives» som kom ut i USA i fjor, skriv forfattar Autumn Whitefield-Madrano at våre diskusjonar om skjønnheit og skjønnheitspress ofte er for enkle: Kvinner har eit språk for å sette ord på alle måtar skjønnheitspress påvikar livet negativt, men langt sjeldnare blir det snakka om at skjønnheit og alt det inneber av pynt og kvinnefellesskap også kan gjere livet meir fargerikt.

Likevel: Den store tidsbruken som Emma Cline skriv om, om den evige ventinga og førebuinga, har eg ofte tenkt på sjølv. All den tida og tankekrafta vi brukte på å sjå fine ut då vi var yngre og fine nok som vi var. Klipsa lange, blonde hairextentions i håret kvar morgon. Plukka augebryn, barberte bort kroppshår, gjekk aldri ut av huset utan sminke. Vi var mange jenter. Nokre av oss slutta å spise og bryja å springe. I kilometer etter kilometer til kiloa var så fattige at helsevesenet måtte gripe inn.

Ei studie frå Høgskulen på Lillehammer frå 2013 viste at tenåringsjentene som var intervjua brukte mellom ein halvtime til ein time på badet kvar morgon for å gjere seg klare til skuledagen. Det var meir enn dei brukte på lesing og lekser til saman. Det høyres kjent ut, og det er som eit ekko frå Naomi Klein si bok «The Beauty Myth» frå tidleg nittital, der argumentet var at krava til kvinner sin utsjånad har vekse i takt med at kvinner også har fått større innflytelse i samfunnet. Dette fokuset på utsjånaden tek opp meir og meir av unge kvinners tid og konsentrasjon, hevda Klein: Vi er friare enn bestemødrene våre, men vi er kanskje mindre fornøgde med oss sjølve.

Dette er ikkje berre eit spørsmål om ungjenters forfengelegheit, det er kapitalisme: Skjønnheitsindustrien – sminke, mote, trening, velvære, kosmetisk kirurgi – veks år for år. I Storbritannia har den såkalla «leppestiftindeksen», den som viser til at folk kjøper fleire skjønnheitsprodukt i økonomisk usikre tider, slått inn for fullt etter brexit. Ifølgje avisa The Telegraph opplevde forhandlarar av sjølvbruning, voksing og manikyr auke i salet rett etter folkeavstemminga som avgjorde av landet skulle melde seg ut av den Europeiske Unionen. When all else fails, look cute.

«Vi lever i eit samfunn som plasserer all verdi i individet», sa den britiske psykoanalytikaren og forfattaren av «Fat is a feminist issue» Susie Orbach til Agenda Magasin i fjor. Orbach meiner skjønnheit har blitt demokratisert – ikkje lenger berre for filmstjerner og modellar, men tilgjengeleg for dei fleste. Konsekvensen er at skjønnheit difor ikkje lenger er ei moglegheit, eit val, men eit krav. Ho nytta fitness-bølgja som eksempel: Det blir forventa at du er i form, du har eit større ansvar for kroppen din enn for samfunnet du er ein del av, og er du ikkje i form, er det din eigen feil.

«I den alderen var eg først og fremst ein ting som skulle bli bedømt, og det skifta makta i alle interaksjonar over på den andre personen», skriv Emma Cline i The Girls. I boka får dette fatale konsekvensar: Evie møter hippie-jentene i ei mordarisk sex-kult, får merksemda som ho så sterkt ønskjer seg, og bestemmer seg for å bli med i kulten. «Romanen peker på mainstreamkulturens sekteriske element, hvordan den hjernevasker unge jenter til å lære at de er vakre skall som kan fylles av hva som helst», skriv Silje Bekeng-Flemmen om romanen i Bokmagasinet 18. mars. Når livet blir eit venterom og energien går til førebuing og vedlikehald, går noko tapt, tid som kunne blitt brukt på å «bli seg sjølv».

Det blir sagt at kvinner gjer seg fine for kvarandre. Men dersom det skulle tenkjast at Emma Cline har rett når ho skriv om jentene som sit på pikeromet og ventar på at nokon skal sjå dei, så har ho kanskje også rett når ho skriv at jentene sitt store mistak var å alltid overvurdere gutane: «Å tru at gutane handla etter ein logikk som vi ein dag ville kome til å forstå. (...) Men dei var berre gutar. Tøvete og unge og rett fram; dei skjulte ingenting».

Husk dette, femtenåringar. Husk dette, russejenter. Og prøv å tenkje på noko anna.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 27. juni 2017 kl. 09.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk