Torsdag 18. mai 2017
UKLART: Ingen veit om SV skal styre landet frå førarsetet, passasjersetet, baksetet – eller kanskje bagasjerommet? – etter valet til hausten. Men SV-leiar Audun Lysbakken meiner nye tal gjev han brei støtte for SVs hovudkrav. Foto: Siv Dolmen
SV-leiar Audun Lysbakken meiner han har folkets støtte i sine hovudkrav mot Ap:
Folk vil ha fleire lærarar
MOTSTAND: Ei rekkje nye meiningsmålingar viser stor støtte til SVs kampsaker ved dette valet, meiner Audun Lysbakken.

SV

Måling etter måling peikar på det same: Det blir regjeringsskifte til hausten – sjølv om det kan bli jamt.

SV vil gjerne ha ei hand på rattet og vedtok på landsmøtet fem hovudkrav. Graden av gjennomslag vil avgjere om SV går i regjering, skriv ein samarbeidsavtale eller går i full opposisjon.

No lanserer SV ei rekkje nye målingar partiet sjølv har fått utført av Ipsos. Dei viser jamt over ei støtte til SVs hovudkrav – også hos Ap-veljarane.

Ipsos har, på oppdrag frå SV, stilt 933 nordmenn spørsmålet «Hvilket av disse to tiltakene mener du vil være best for å øke kvaliteten i skolen?». 61 prosent meiner at fleire lærarar per elev er viktigast. Berre 36 prosent meiner «styrke kompetansen» er den viktigaste jobben.

– Fleirtalet er samde med oss. Høgre meiner det er for dårleg kvalitet på norske lærarar, medan vi meiner hovudutfordringa er for lite tid til kvar elev, seier Lysbakken.

Undersøkinga viser jo slik sett òg at veljarane er mindre opptekne av etterutdanning av lærarane – som også er SV-politikk.

– Likevel meiner eg dette er ein test på kor skoa trykkjer, seier SV-leiaren.

Fakta

Målinga:

• Målinga er laga av Ipsos MMI for SV.

• Ho blei gjennomført i perioden 24. til 26.april og har 933 respondentar.

• Spørsmåla som blei stilt, var:

• «Dagens sats for barnetrygden er 970 kroner pr måned per barn under 18 år. Satsen er uendret siden 1996. Mener du størrelsen på barnetrygden bør økes, reduseres eller forbli på dagens nivå?»

• «Hvilket av disse to tiltakene mener du vil være best for å øke kvaliteten i skolen? Flere lærere per elev/Styrke kompetansen til lærere.»

• «I dag har eiere av virksomheter som driver velferdstjenester som barnehage, barnevern og asylmottak anledning til å ta ut utbytte selv om inntektene kommer fra det offentlige eller brukere som kjøper tjenestene. Mener du det er riktig eller galt at eiere av virksomheter som driver velferdstjenester kan ta ut utbytte, eller er du ikke opptatt av dette?»

• «For tiden foregår det internasjonale forhandlinger om et atomvåpenforbud. Mener du at: Norge bør stå utenfor disse forhandlingene/Norge bør delta i forhandlingene/Norge bør være en pådriver i forhandlingene.»

Vil auke barnetrygda

SV har òg stilt spørsmål om barnetrygd. Det er som følgjer: «Dagens sats for barnetrygden er 970 kroner pr måned per barn under 18 år. Satsen er uendret siden 1996. Mener du størrelsen på barnetrygden bør økes, reduseres eller forbli på dagens nivå?»

Heile 68 prosent i undersøkinga meiner nivået må opp.

– Tala viser at det er ei veldig sterk støtte folket – og særleg hos sentrum-venstresidas veljarar. Det synst eg er interessant fordi det lenge no har vore ein debatt om det er riktig med ei universell barnetrygd eller ikkje.

SV meiner auka barnetrygd er den beste måten å redusere barnefattigdomen på.

– Men spør du gjennomsnittsnordmannen om han er for å bruke meir pengar på eit velferdstilbod, same kva, vil han alltid svare ja?

– Nei, ser du på tala her, ser du politiske skilnader. Barnetrygda har vore gjennomdebattert dei siste månadene. Så om det var eit sterkt ønske i folket om å bruke barnetrygda på noko anna, ville ikkje tala vore som dei er.

Kamp mot velferdsprofitør

Undersøkinga syner at 51 prosent meiner det er gale at ein kan ta ut utbyte på velferd, medan 26 prosent meiner det er rett.

– Dette er vårt kanskje mest kontroversielle krav.

Det er berre i veljargruppene til Høgre og Frp at det er fleirtal for utbyte, men Ap vedtok ikkje noko utbyteforbod på landsmøtet, slik LO-kongressen vedtok.

– Tala viser at det er eit overveldande fleirtal, 64 mot 17 prosent, som vil ha utbyteforbod hos Ap-veljarane, seier Lysbakken.

SVs fjerde hovudkrav er nei til opning av nye oljeområde.

– Her har vi nok av tal som viser eit klart nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, meiner Lysbakken.

– Men kravet dykkar går jo lengre enn det?

– Eg trur det er brei skepsis mot å bore i Barentshavet òg, meiner SV-leiaren.

Atomvåpenstøtte

På SV-landsmøtet kom det inn eit femte krav: Å stø eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. 13 prosent meiner vi skal følgje regjeringas line og stå utanfor forhandlingane. 48 prosent meiner vi skal delta, og 34 prosent meiner vi skal vere pådrivarar.

– Det er låg støtte til regjeringas politikk. Vårt hovudkrav er å melde seg på forhandlingane, seier Lysbakken.

Han meiner tala gjev SV gode kort på handa i forhandlingar etter valet.

– Dei viser at folks støtte til dei fem hovudkrava til SV er oppsiktsvekkjande sterk. Ikkje berre har vi eit fleirtal av folket i ryggen, interessant nok gjeld det same for Ap-veljarane. Seier Ap eller sentrum nei til desse krava, seier dei samstundes nei til sine eigne sympatisørar.

– Men om så mange stør SVs viktigaste saker, kvifor gjer ikkje SV det betre på meiningsmålingane då?

– Vi har ein positiv tendens på målingane. Men desse sakene er jo det vi skal mobilisere på. Dette er skilnaden på eit prosjekt med og utan SV. Tala syner at vi går til val på folkelege og fornuftige krav, som er vel verdt å setje hardt mot hardt på.

– Men eit klart fleirtal av dei som stør sakene, vil røyste på andre parti?

– Det er opp til oss å gjere ein god jobb dei neste månadene for å overtyde folk om å røyste SV. Vi har sjølvtillit på at vi skal føre ein valkamp som gjer at SV veks, sjølv om vi nok ikkje blir like store som støtta til desse krava.

politikk@klassekampen.no

Fredag 22. september 2017
MISNØYE: Aldri før har så mange Nav-brukere vært misfornøyd med oppfølgingen fra Nav. Så langt i år har det kommet nær 10.000 klager på servicen, dobbelt så mange som i hele 2015.
Torsdag 21. september 2017
DOBLER: Forsvaret innrømmer at de aldri skulle kjøpt de omstridte traktorene. Likevel utløser de nå en opsjon og kjøper dobbelt så mange traktorer – stikk i strid med faglige anbefalinger.
Onsdag 20. september 2017
INTRIGAR: Fylkesordførar og Giske-venn Tore O. Sandvik meiner skuffa Ap-rådgivarar er anonyme intrigemakarar. – Nokon må tøyla rådgivarane, seier han.
Tirsdag 19. september 2017
STILLE I FJØSET: Tidlegare Ap-topp Helga Pedersen meiner partiet må innsjå at dei ikkje nådde gjennom med distrikts­politikken.
Mandag 18. september 2017
NÅR UT: Regjeringen har nådd millioner av potensielle asylsøkere med skremme­budskap via Facebook, hørespill og tegneserier. Å framstille nordmenn som rasister er ett av virkemidlene som brukes.
Lørdag 16. september 2017
PÅ STEINGRUNN: KrF må stå ved det partiet lova før valet, meiner fleire av partiets talent. No byrjar kampen om framtidas KrF.
Fredag 15. september 2017
CV: Høgare utdanning og erfaring frå offentleg sektor og organisasjonslivet kjenneteiknar det store fleirtalet av Aps stortingsrepresentantar. Politikarar frå privat sektor er ein minoritet.
Torsdag 14. september 2017
ENIGE: KrFs vippeposisjon kan bety et politisk skifte i velferds­politikken. Nå er de klare for å gå sammen med Rødt om å stanse veksten i kommersielle velferds­selskaper.
Onsdag 13. september 2017
BYGDEOPPRØR: Ap taper stort i distriktene. En rekke fylkesledere mener partiet har inngått for mange forlik med de borgerlige.
Tirsdag 12. september 2017
UENIGHET: Det blir oppvask i Arbeiderpartiet etter det dårligste valget på 16 år. Flere kilder forteller om sand i partiets valgkampmaskineri.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk