Klassekampen.no
Mandag 15. mai 2017
Me treng miljøorganisasjonar som våger å slåst for heile naturen.
To naturar?

Samfunn av vårt slag deler naturen i to. Namn og inndeling skiftar noko, utbyggingsområde og verneområde, natur- og kulturlandskap, rovdyr- og beitelandskap, økologisk og konvensjonelt landbruk.

Metoden gjer mange til lags. Utbyggjarar har stort handlerom i sine område, der kan dei drive gruver, fylle fjordar med gruveslam, tømme havbotnen for olje, leggje ut hyttefelt og byggje golfbanar og alpinanlegg utan at dei stangar mot rigide miljøreglar. Skulle dei finne verdiar i eit verna område, kan dei be styresmaktene oppheve vernevedtaket og verne eit økonomisk mindre interessant område i staden.

Politikarane kan dra på internasjonale møte med Powerpoint-presentasjonar av landskapsinndelinga. Slik gjer me det i vårt veldrivne land, der me i samarbeid mellom ulike aktørar balanserer utbyggingsønske mot miljøkrav, kan dei seie.

Miljøparti og miljøorganisasjonar arbeider for fleire og større naturreservat. Dei argar seg opp over bygdefolk som ikkje vil ha rovdyr i nærmiljøet, og dei kjøper økologisk mat. Så lite må til, skriv dei i blada sine om etterisolering av bustadhus, bøting av ullsokkar og lyntog framfor fly.

Alt dette gjer dei utan å miste støtteannonsar frå Statoil og Yara. Slik er dei, utbyggjarane og miljøorganisasjonane, ein stor familie med ulike oppgåver.

Men naturen er heil og ikkje todelt. Alt norsk landskap er kulturlandskap i tydinga menneskepåverka landskap. Går me i fjellet 1500 eller 2000 meter over havet, finn me vardar bygde ein gong i tida for å vise kvar det var best å gå. Me finn bogehi, dyregraver og hellerar med steinmurar framom, så gåande kan finne ly for regn og vind. Det finst ikkje urørt natur. Ingen stad, ikkje i noko hav, kan ein liter vatn upåverka av menneskeaktivitet takast ut.

Rovdyra spør ikkje staten om kor mange ynglingar som er vedtekne før dei parar seg og får avkom. Blir det for lite mat innanfor rovviltsona, søkjer dei andre leveområde, gjerne område med rikeleg tilgang på lettfanga husdyr.

Tenkinga om todelt natur gjer at miljøorganisasjonar lèt seg styre utanom dei store spørsmåla. Dei kjempar for at reservata skal bli større og fleire og vernereglane strengare, for elbilar og lyntog og sykkelstigar, meir ulv og mindre gift i maten. Dei når fram til to grupper, dei som vil ha meir lite påverka natur å tumle i og dei som vil ha godt samvit. Men dei appellerer ikkje til den store gruppa menneske som gjerne kan kjempe for miljøet og endre levemåte for miljøet, men tenkjer at det hjelper så lite å brette mjølkekartongar så lenge dei store held fram som før med luksusproduksjon og luksusforbruk, våpenproduksjon og forureining.

Skal miljøproblema løysast, krevst miljøpolitikk for heile naturen og heile samfunnet. Utsleppa må ikkje litt ned, men 90 prosent ned. Me må byggje mindre og ikkje meir, reise mindre framfor å tru at framtida er elbilar og lyntog og biodrivstoff, kutte ut unødvendig industri, la olje liggje på havbotnen og ete lokal mat og sesongmat. Løysing av miljøproblema krev mot til å stå opp mot storindustri, kapitallojale styresmakter og luksusforbruk.

Miljøorganisasjonane må våge å krevje, utan sideomsyn til at dei kanskje mister støtteannonsar og prosjektbidrag og truleg får negativ medieomtale, at landet og verda ikkje skal sleppe ut meir CO2 enn det naturen bind, ikkje utrydde fleire artar enn det naturen skaper, ikkje øydeleggje meir matjord enn naturen byggjer opp og ikkje ta opp meir fisk frå hava enn det veks opp ny fisk. Og dei må leggje planar for korleis dette skal gjennomførast.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 13. juni 2017 kl. 13.51

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk