Klassekampen.no
Lørdag 13. mai 2017
Om DNA i mellomkrigstida

Arbeider­-partiet

Historikar Jorunn Bjørgum (Klassekampen 29.4 og 8.5) og eg (4.5) har diskutert endringa i DNA i mellomkrigstida, frå eit parti med hovudvekt på revolusjon og til eit parti med hovudvekt på reformer, politisk innverknad og arbeidsplassar. Me er usamde om når det skjedde og korleis det skjedde.

Bjørgums syn er at «det var noe helt nytt høsten 1932, og denne vendingen kom med Ole Colbjørnsens inntog i Arbeiderbladet og i partiet».

Noko av bakgrunnen for at eg ser det annleis, er at eg for nokre år sidan samla stoff og skreiv ei bok om bureisinga i Norge. Eg intervjua bureisarar og barn av bureisarar og las bygdebøker, annan lokal litteratur og referat frå stortingsdebattar.

Eg kom til at den vanlege historikaroppfatninga – at endringa i DNA skjedde med at kjende leiarar endra haldning – ikkje stemmer. Det var ikkje dei store, ikkje Tranmæl, ikkje Colbjørnsen, ikkje Edvard Bull og ikkje Halvdan Koht, som først endra tenking. Prosessen starta nedanfrå, i lokallag og kommunar, og før både Keynes og Dimitrov lanserte sine tankar, den førstnemnde om ekspansjonsøkonomi og den andre om einskapsfront mot fascismen.

Utetter tjuetalet kom DNA- og NKP-medlemmer inn i mange kommunestyre, og i somme fekk dei fleirtal. Dei nytta posisjonane til aktivt å hjelpe fram småkårsfolk. Dei gjekk inn for å ettergi renter og gjeld, meir fattighjelp, fleire og betre betalte sysselsetjingstiltak, bygging av vegar, moloar, straum- og telefonnett og utlegging av bureisingsfelt. Når det lukkast éin stad, som i Gjøvik med den drivande Niels Ødegaard som ordførar, smitta det til andre kommunar. Mest skjedde aust og nord i landet.

Den nye tenkinga spreidde seg frå kommunane til Stortinget. Bureisingsdebattane er eit døme. DNA og NKP ville ha meir bureising, men alt skulle skje i statleg regi. I debattane på tjuetalet svinga dei svøpa mot private tiltak, mot kyniske grunn­eigarar og aller mest mot Selskapet Ny Jord, som var byråkratisk, kostbart og gjorde slett arbeid. Det var eigenmarkeringar meir enn konstruktiv kritikk.

Realiteten var at Ny Jord hadde den ekspertisen staten mangla, dei hadde ein snau administrasjon, og kostnadene var vel så høge og problema vel så store på statens felt som på Ny Jord-felta.

I 1930 bleikna kritikken frå DNA, og frå 1931 gjekk partiet med iver og konstruktive innspel inn for bureisinga. Dei såg at det gjekk betre for småkårsfolk i mange DNA-styrde kommunar enn i kommunar med Høgre og Bondepartiet ved roret, og dei opplevde at deira eigne ordførarar trygla både Ny Jord og andre aktørar om bureisingsfelt.

I 1931 vende Ole Colbjørnsen attende etter ti år i Moskva og med røynsler frå sovjetisk planøkonomi. Han vart sentral i DNAs krisepolitikk resten av tiåret. Men det blir gale å hevde at Colbjørnsen skapte eller dreiv gjennom ei ny tenking i Norge. Han kom til eit miljø og ei tenking som hadde bruk for den energiske og skriveføre «Ola Tiltak».

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 13. juni 2017 kl. 13.39

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk