Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Før i tida trudde dei at smerte bygde karakter.

Utdøydde artar

Det gjekk fleire millionar år frå menneska reiste seg på to til dei greidde laga seg spyd og pil og boge, slik at dei kunne ta fatt på å utrydda alle andre levande artar. Men då dei først kom i gang, gjekk det så radig unna at ein kunne tru at målet med tilværet var å utsletta det. Det har gått til helvete sidan steinalderen, og no går det mykje raskare, fordi me har blitt så mange, og fordi me har fått så effektive hjelpemiddel til å øydeleggja livsgrunnlaget vårt med.