Torsdag 11. mai 2017
USAMD MED FRP: Aps kommunalpolitiske talsperson Helga Pedersen meiner regjeringa har brukt hundre oljemilliardar utan at dei har løfta kommuneøkonomien. I forgrunnen ser vi Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Foto: Marthe Amanda Vannebo
Regjeringa skryt av god vekst i frie inntekter, men Ap meiner tala viser noko anna:
Meiner dei blåblå bløffar
Helge Andre Njåstad
KRANGEL: I år kjem realveksten i dei frie inntektene for Kommune-Noreg til å gå ned med 0,4 prosent – melder regjeringa sjølv.

KOMMUNE-ØKONOMI

Då Frp-nestleiar og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsvik gjesta NRKs Politisk kvarter tidlegare denne veka, slo han fast at kommunane no har rekordgod økonomi:

«Den er altså omtrent den beste på over 20 år. Så trass i at vi har redusert skattar og avgifter for innbyggjarane og næringsliv, har vi òg funne rom til vekst i kommuneøkonomien.»

Dette blei sagt etter at nestleiar i Arbeidarpartiet Trond Giske hadde sagt at dersom ein fjernar eigedomsskatten og formuesskatten, vil kommunane miste over 20 milliardar i året.

No meiner Helga Pedersen, kommunalpolitisk talsperson i Ap, at Frp framstiller kommuneøkonomien på gal måte.

– Dette biletet er heilt feil. Regjeringa har brukt hundre oljemilliardar utan at dei har evna å løfte kommune­økonomien, seier ho.

I dag kjem kommuneproposisjonen og revidert nasjonalbudsjett. Dermed vil vi få vite kva regjeringa tenkjer om neste års kommuneøkonomi.

Men i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå Pedersen tidlegare i vår, skriv kommunalminister Jan Tore Sanner (Høgre) at veksten i dei frie inntektene er venta å gå ned frå 2016 til 2017. «Regnet fra endelig skattetall for 2016 anslås her realveksten fra 2016 til 2017 for kommunene til -0,4 prosent», skreiv Sanner.

Fakta

Kommuneøkonomi:

• I dag legg regjeringa fram kommuneproposisjonen 2018, som er regjeringas melding om opplegget for kommunane neste år.

• 85 prosent av kommunane vel i dag å nytte seg av ordninga med kommunal eigedomsskatt for å spe på inntektene. Talet har aldri vore høgare.

• I kommuneproposisjonen 2017 slo regjeringa fast at inntektene til kommunesektoren utgjorde 17,5 prosent av brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg.

– På lukke og fromme

Grunnen er den store skattereforma i 2016. Den fekk mange til å ta ut utbyte frå selskap, og ein del av skatten på dette gjekk til kommunane. Dette er dermed eit eingongstilfelle.

– Regjeringa styrer på lukke og fromme. Dette er ikkje ei prioritering, men ein utilsikta konsekvens av ei heilt anna skatteendring, meiner Pedersen, som er i Buskerud når Klassekampen ringjer.

– Her i Buskerud er det berre fire kommunar som får reell vekst i år, seier ho.

Pedersen har også tidlegare, som Giske, peika på at kommunane ville miste om lag elleve til tolv milliardar om eigedomsskatten forsvann, og ytterlegare ti milliardar dersom kommunane ikkje lenger fekk sin del av formuesskatten.

– Kva forventar du av dagens kommuneproposisjon?

– Det blir spanande å sjå.

– Men blir det meir pengar til kommunane om Ap får styre landet?

– Ja, det gjer det. I vårt alternative opplegg for i år ville kommunane fått to milliardar meir, medan fylkeskommunane ville fått éin milliard meir. Det ville ikkje ha løyst alle utfordringane i kommunesektoren, men ville vore klart betre enn dagens ordning.

Frp: Ikkje ta Ap seriøst

Helge Andre Njåstad er leiar for kommunalkomiteen på Stortinget og kommunalpolitisk talsperson for Frp. Han har ei heilt anna forklaring.

– Grunnen til at veksten i dei frie inntektene ligg an til å gå ned med 0,4 prosent i år, er at vi samanliknar med 2016-rekneskapen. I fjor fekk kommunane ekstraordinært store skatteinntekter på grunn av skattereforma, seier han.

– Det blir som å vinne i Lotto eit år. Om du samanliknar det med løna du får året etter, vil jo inntekta gå ned.

Han meiner kommunane har hatt gode år under Frp og Høgre.

– 2016 var det beste året på fleire år. Før valet 2013 åtvara dei om at det ville bli dårleg. Eg ville ikkje teke Ap så seriøst, dei har bomma før. Når dei snakkar om dårleg kommuneøkonomi, veit ein at det er valkamp.

Vil fjerne skattemilliardar

Frp går til val på å fase ut den kommunale eigedomsskatten og formuesskatten.

– Vil ikkje kommuneøkonomien bli forverra dersom Frp får gjennomslag for å fjerne formuesskatten og eigedomsskatten?

– Når det gjeld den delen av formuesskatten som går til kommunane, må den bli kompensert kommunane krone for krone, seier Njåstad.

Med eigedomsskatten stiller det seg annleis, meiner Njåstad:

– I dag er det rundt 60 kommunar som ikkje har eigedomsskatten, og resten bør lære av desse.

– Men er ikkje dette kommunar som tener gode pengar på andre måtar, som kraftkommunar?

– Nei, mange kan greie seg utan eigedomsskatt. Dette handlar meir om partifarge på ordføraren, seier den tidlegare Austevoll-ordføraren – som i mange år styrte kommunen med inntekter frå eigedomsskatt.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 27. mai 2017
– Samlokalisering av nødsentralene ble vedtatt av Stortinget i juni 2015, Hvorfor går det så treigt å få det gjennomført?– Vi synes ikke det går treigt. Men jeg tror det er vanskelig å sette seg inn i hvor komplisert dette er. Vi...
Fredag 26. mai 2017
SVIKT: Robert Mood sier Norge har store svakheter med samfunnssikkerhet og beredskap. Han tror problemene enten skyldes systemsvikt eller «en alvorlig ansvarsfraskrivelse fra toppen».
Onsdag 24. mai 2017
UTRYGT: Ap tar et oppgjør med regjeringens beredskapsarbeid. – Politidirektoratet styrer seg selv, sier Hadia Tajik.
Tirsdag 23. mai 2017
UTSATT: Nav stenger skrankene for å få mer tid til dem med størst behov. Men representantene for Navs mest utsatte brukere er kritiske.
Mandag 22. mai 2017
STREITINGER: Miljøpartiet De Grønne går bort fra standpunkt om hvalfangst og alternativ medisin, og toner ned kontroversielle temaer til fordel for hovedsakene i klimapolitikken.
Lørdag 20. mai 2017
HAR TROA: MDG gjør det så svakt at Rasmus Hansson risikerer å falle ut av Stortinget. Likevel mener han partiet kan nå 15 prosent oppslutning på sikt.
Fredag 19. mai 2017
LITE IDEELT: Færre og færre asylmottak blir drivne av ideelle organisasjonar. No meiner Norsk Folkehjelp at Stortinget må ta grep om ikkje ideell sektor skal bli utradert frå mottakssystemet.
Torsdag 18. mai 2017
MOTSTAND: Ei rekkje nye meiningsmålingar viser stor støtte til SVs kampsaker ved dette valet, meiner Audun Lysbakken.
Tirsdag 16. mai 2017
OVERRASKET: Liv Signe Navarsete er overrasket over at regjeringen avviser at rakettskjoldet er rettet mot Russland, samtidig som Forsvaret bruker Russland som et argument for at Norge skal bli med i Natos skjold.
Mandag 15. mai 2017
JOBB: Ledige ingeniører er villige til å flytte på seg, men får likevel ikke tilbud om jobb. Det viser en ny undersøkelse blant Nitos medlemmer.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk