Onsdag 10. mai 2017
MISNØGD: Ulf Ulriksen er bas på eit byggjeprosjekt i Trondheim medan han pendlar frå Nord- Noreg. Han meiner den nye digitale strategien til Nav stengjer ute brukarane.
Arbeidsminister Anniken Hauglie tek eit kraftfullt oppgjer med praksisen i Nav:
No vil Hauglie rydde opp
Undersak

– Situasjonen er uverdig

– Situasjonen er uverdig. Nav skal vere vår viktigaste sosialpolitiske teneste, og då kan ein ikkje stengje ute brukarane, seier Ulf Ulriksen (61).

Han er bygningsarbeidar, busett i Nord-Noreg, men pendlar til Trondheim. Ulriksen tok nyleg kontakt med Nav for å få svar på nokre enkle pensjonsspørsmål. Der fekk han melding om at sidan han ikkje budde i Trondheim, måtte han reise til heimkommunen for å møte ein rettleiar.

Avtale med det lokale kontoret måtte han gjere gjennom Navs kontaktsenter på telefon. Etter fleire rundar på telefonen, med lange ventetider, fekk han melding om at det heller ikkje i heimkommunen var nokon rettleiar han kunne snakke med. Rettleiar via telefon var einaste alternativ.

– Dette er utruleg lite gjennomtenkt. Eg fryktar at mange vil gje opp å søkje hjelp fordi dei ikkje når gjennom. Om det er sånn staten skal spare pengar, så er vi ille ute, seier Ulriksen, som held politikarane, og ikkje dei tilsette i Nav, ansvarlege.

Anniken Hauglie
OPEN DØR: Arbeidsminister liker «svært dårleg» at ventetida på telefon hos Nav er tredobla og at folk møter stengde dører. Men ho har seg sjølv å takke, svarer Sp-Vedum.

NAV

No går Arbeidsminister Anniken Hauglie (Høgre) hardt ut mot den nye Nav-praksisen.

Klassekampen har dei siste vekene skrive om korleis Nav vil få flest mogleg til å kontakte dei på telefon og nett i staden for å ved å stikke innom sitt lokale Nav-kontor. Dette har skapt store problem for mange.

No vil arbeidsministeren ta grep, sjølv om ho meiner dette er vegen å gå.

– Eg trur at det er bra at fleire av møta hos Nav er planlagde og førebudde for å få gode møte når ein skal snakke med sakshandsamar, men at ein blir vist til telefon og at ein ikkje kjem gjennom på telefon, det liker eg svært dårleg, seier ho til Klassekampen.

Hauglie meiner Nav har teke positive grep for å møte situasjonen, men er usikker på om det er nok.

Fakta

Nye Nav:

• Nav har dei siste åra digitalisert tenestene sine. Frå 3. april har Nav-kontora fått nye føringar som skal få brukarane ut av dei fysiske kontora. Det har blitt vanskelegare eller umogleg å kome innom kontoret utan avtale.

• Målet er å frigjere ressursar som ein kan bruke på dei som treng meir omfattande hjelp.

• Ein studie som dekker 170 Nav-kontor, utført i 2016, syner at personleg oppmøte framleis er den mest populære måten å ta kontakt med Nav på.

Tredobla ventetid

I går skreiv Klassekampen at ventetida på telefon er tredobla.

– Er det då gjort nok?

– Nei, eg liker det svært dårleg. Det er openbert at det er for lang ventetid.

– Har Nav gått for langt i å leggje over til telefon?

– Det er litt for tidleg å seie. Dei har sagt til meg at dei har styrkt kapasiteten med 27 tilsette, mykje kan tyde på at det ikkje er nok.

– Men du vil også at folk skal få hjelp når dei kjem på kontoret?

– Ein må få hjelp når ein kjem på kontoret om ein har akutte problem, men eg trur nok at Nav har rett i at dei fleste brukarmøta blir betre når dei er førebudde og sakshandsamar har hatt høve til å setje seg inn i situasjonen på førehand, seier Hauglie.

– Kan takke seg sjølv

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Haugli kan takke seg sjølv.

– Dette er resultatet av regjeringas politikk. Digitalisering og sentralisering er jo det Haugli har ønskt seg meir av. Ho får sjå seg i spegelen og skulde på seg sjølv, seier han til Klassekampen.

Han viser til stortingsmeldinga «Nav i en ny tid – for arbeid og aktivitet» som Haugli la fram før jul. I stortingsmeldinga er det eit eige kapittel om «digitalisering og frigjøring av ressurser».

Her skriv departementet om korleis auka digitalisering skal avlaste Nav-kontora, slik at dei kan bruke meir tid på brukarane som treng mest hjelp.

«Å betjene brukere som ringer arbeids- og velferdsforvaltningen har 180 ganger høyere kostnad enn når brukere finner samme informasjon på nav.no», heiter det.

Dermed ligg det «store gevinster i å gi god informasjon på nett, slik at brukerne ikke har behov for å henvende seg til arbeids- og velferdsforvaltningen gjennom andre kanaler», ifølgje departementet.

Vedum meiner regjeringas strategi er ei oppskrift på sentralisering.

– Det regjeringa gjer, er å gjere det vanskelegare for dei som har det vanskelegast. Mange av dei med krevjande saker vil slite med å kome igjennom, og kjem sikkert til å gje opp. Og så, når statistikken viser at sakstalet går ned, vil det bli brukt for å legitimere at ein legg ned lokale Nav-kontor.

politikk@klassekampen.no

Fredag 22. september 2017
MISNØYE: Aldri før har så mange Nav-brukere vært misfornøyd med oppfølgingen fra Nav. Så langt i år har det kommet nær 10.000 klager på servicen, dobbelt så mange som i hele 2015.
Torsdag 21. september 2017
DOBLER: Forsvaret innrømmer at de aldri skulle kjøpt de omstridte traktorene. Likevel utløser de nå en opsjon og kjøper dobbelt så mange traktorer – stikk i strid med faglige anbefalinger.
Onsdag 20. september 2017
INTRIGAR: Fylkesordførar og Giske-venn Tore O. Sandvik meiner skuffa Ap-rådgivarar er anonyme intrigemakarar. – Nokon må tøyla rådgivarane, seier han.
Tirsdag 19. september 2017
STILLE I FJØSET: Tidlegare Ap-topp Helga Pedersen meiner partiet må innsjå at dei ikkje nådde gjennom med distrikts­politikken.
Mandag 18. september 2017
NÅR UT: Regjeringen har nådd millioner av potensielle asylsøkere med skremme­budskap via Facebook, hørespill og tegneserier. Å framstille nordmenn som rasister er ett av virkemidlene som brukes.
Lørdag 16. september 2017
PÅ STEINGRUNN: KrF må stå ved det partiet lova før valet, meiner fleire av partiets talent. No byrjar kampen om framtidas KrF.
Fredag 15. september 2017
CV: Høgare utdanning og erfaring frå offentleg sektor og organisasjonslivet kjenneteiknar det store fleirtalet av Aps stortingsrepresentantar. Politikarar frå privat sektor er ein minoritet.
Torsdag 14. september 2017
ENIGE: KrFs vippeposisjon kan bety et politisk skifte i velferds­politikken. Nå er de klare for å gå sammen med Rødt om å stanse veksten i kommersielle velferds­selskaper.
Onsdag 13. september 2017
BYGDEOPPRØR: Ap taper stort i distriktene. En rekke fylkesledere mener partiet har inngått for mange forlik med de borgerlige.
Tirsdag 12. september 2017
UENIGHET: Det blir oppvask i Arbeiderpartiet etter det dårligste valget på 16 år. Flere kilder forteller om sand i partiets valgkampmaskineri.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk