Mandag 8. mai 2017
EIGEN REGI: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og barnehagebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap) har gitt barne­hagepolitikken i hovudstaden ny kurs. Her frå ein av dei nyopna kommunale barnehagane.
• Espira-klage over finansierings-nei førte ikkje fram • Fylkesmannen støttar Oslo kommune
Stenger kommersielle ute
Undersak

– Kjempe­viktig sak

Sara Bell er leiar for Fagforbundet i Bergen og blant over tre hundre delegatar til LO-kongressen som startar i dag.

Ho er glad for at Oslo kommune tar grep for å snu trenden med stadig fleire kommersielle aktørar i velferdssektoren.

– At Oslo kommune tar grep for å stansa utviklinga, er kjempeviktig, seier Bell.

– Kan vedtaket få konsekvensar andre stadar?

– Det håpar eg verkeleg, seier ho.

– Vil dette bli ein stor debatt på LO-kongressen?

– Det er ein kjempeviktig sak. Fagforbundet skal følga opp. Det er me, saman med FO og NTL, som kjenner offentleg sektor best, me skal få dei andre med oss, seier Bell.

Men ho synst ikkje innstillinga frå LO-sekretariatet er god nok på området som gjeld velferd, konkurranseutsetting og privatisering.

– Fagforbundet er veldig klar. Me vil ikkje ha profitt i velferda, overhovud, seier ho.

VEDTAK: Det går mot full stopp for kommersiell barnehageutbygging i Oslo, etter at Fylkesmannen har gitt det rødgrønne byrådet støtte i sin barnehagepolitikk.

VELFERD

Espira møter no stengde dører i hovudstaden. Det skjer etter at Oslo kommune har fått medhald frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus i eit vedtak der kommunen sa nei til å gi tilskott til to nye Espira-barnehagar.

Espira er ein gigant i Barnehage-Noreg, med barnehagar i 40 kommunar og ei omsetning på 1,4 milliardar kroner i 2014.

Vedtaket frå Fylkesmannen inneber at kommunen kan avslå å finansiera nye kommersielle barnehagar så lenge retten til barnehageplass er oppfylt.

– Eg er glad for at Fylkesmannen stadfestar at me kan utøva eit betydeleg skjønn, me står fritt til å seie nei til private aktørar all den tid me sjølv dekker dei lovpålagde pliktene me har, seier barnehagebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap).

Fakta

Barnehage i Oslo:

• Espira Barnehager søkte om offentleg finansiering av to nye private barnehagar i to bydelar i Oslo.

• Oslo kommune avslo søknaden. Espira klaga til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

• Før helga kasta Fylkesmannen klaga. Vedtaket inneber at så lenge kommunen oppfyller retten til barnehageplass, kan dei seie nei til finansiering av nye kommersielle.

• At kommunen og ideelle skal stå for nye barnehagar i Oslo, var eit krav frå Raudt for å inngå avtale med byrådspartia.

Gedigen siger

Det viktigaste kravet for at Raudt skulle støtta det nye byrådet i Oslo i 2015 var knytt til barnehagepolitikken. Då avtalen mellom Raudt og byrådspartia var i boks, stod det svart på kvitt at kommunen og ideelle verksemder skal stå for drift av nye barnehagar.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er glad for å sjå at det er blitt gjennomslag for kursendringa Raudt kravde.

– Å stansa velferdsprofitørane er ein gedigen politisk snuoperasjon. I 15 år har desse barnehagekonserna hatt fritt spelerom. Dei har fått alt dei har peikt på.

– Bør dette få konsekvensar på landsbasis?

– Ja. Ingen må tru at Raudt vil vera ein garantist i fire år for ei Støre-regjering, viss ikkje ei Støre-regjering også set ned foten for velferdsprofitørane. Det me har vist i Oslo, er at Raudt set makt bak krava våre. Me har no slått hol på myten som har prega norsk politisk debatt i 15 år, nemleg at me er avhengig av kommersielle for å bygga ut velferdstilboda.

Tone Tellevik Dahl legg til at også Ap gjekk til val på nye kommunale barnehagar.

– Målet er at alle pengane skal gå til barnehagabarna. Den politikken gjekk alle fire partia til val på, seier ho.

Ein trist dag

Vedtaket frå Fylkesmannen fell ikkje i god jord hos Høgre.

– Utruleg trist, seier Saida Begum, som sit i utdanningskomiteen i Oslo for Høgre.

– Alle tapar på den avgjersla. Det råkar foreldre, barn, bustadutviklar og bustadkjøparar, seier ho.

Ho meiner byrådet no ikkje klarer å innfri lovnaden om 3000 nye barnehageplassar innan 2020.

Dei private barnehagane var del av ei større bustadutbygging i hovudstaden, og skulle stå ferdige i 2018. Begum er kritisk til at kommunen fyrst la inn eit krav om barnehageplassar i utbyggingsplanen, for så å avslå søknad om tilskott.

– Me meiner det er grunn til å sjå nærare på regelverket.

Espira seier at saka no står mellom utbyggar og Oslo kommune, og at dei ikkje lengre er part.

– Me tar til orientering at me ikkje har fått tilskott fordi det ikkje er behov, og at desse opplysningane kom fram fire månader etter kommunens avslag, men synst det er rart fordi det blei stilt krav til barnehageplassar i utbyggingsplanen, seier Jens Schei Hansen, kommunikasjonssjef i Espira.

– Me er overraska over at det er ei så politisk handtering av kommunen i ei forvaltningssak. Så registrerer me vidare at kommunen ikkje har fått gjennomslag for si opphavlege grunngjeving, nemleg at dei ikkje var forplikta til å finansiera private barnehagar. Det dei har fått medhald i, er at det ikkje er behov for desse barnehagane, seier han.

1600 kommunale plassar

Barnehagebyråden er i gang med ei storstilt utbygging av kommunale barnehageplassar.

– Me vil klara målet om 3000 nye barnehageplassar innan utgangen av 2019. Eg har bestilt 1600 nye kommunale barnehageplassar, men på grunn av tidspresset har me også gitt tilsagn til nokre private.

– Viss Høgre skyv barna føre seg og seier at det er ein trist dag, så er det berre tull. Me bygger mykje meir enn dei har planar om, seier Moxnes.

– Eg må minna om at dei berre bygde 1100 nye i løpet av fire år. Me bygger 3000, seier Dahl.

anneh@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert med endring i ingressen frå privat til kommersiell barnehageutbygging.

Artikkelen er oppdatert: 8. mai 2017 kl. 12.07
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Tirsdag 12. juni 2018
ADVARTE: Allerede i 2016 advarte ­Statsadvokaten mot gjenger og alvorlige konflikter i Oslo. Nå er situasjonen forverret, heter det i en fersk tilsyns­rapport.
Mandag 11. juni 2018
NYE TIDER: Framtidsutsiktene for bemanningsbransjen er dystre etter at opposisjonen tvang gjennom inn­stramminger. I Trøndelag har elektro­bransjen funnet en modell som gjør byråene overflødige.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Lørdag 9. juni 2018
EN TID FOR ALT: Bjørgulv Braanen s­lutter som ansvarlig redaktør i Klasse­kampen, men han har ingen planer om å for­svinne fra spaltene.
Fredag 8. juni 2018
I SKUFFA: Valdtektssaker med kjent gjerningsmann blir liggande, og politiet slit med å prioritera mellom saker, syner ein fersk tilsynsrapport.
Torsdag 7. juni 2018
$$$: BI-professor Petter Gottschalk kallar tidlegare Vimpelcom-sjef Jo Lunders erstatningskrav på nær ein halv milliard forkasteleg. Han synst Økokrim burde tatt saka til retten.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk