Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Religionen vender merksemda vekk frå naturen.

Omveg

Martin Luther var ein ung mann med mange mørke tankar. For å få styring på dei melde han seg inn i ein munkeorden som spesialiserte seg på å fjerna egoismen gjennom systematisk sjølvplaging. Det skulle reinsa sjela og gjera det lettare å koma til himmelen. Likevel var han livredd for å hamna i helvete, heilt til han las i Bibelen at det var trua på Jesus, ikkje dei gode gjerningane, som førte til frelse.