Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeiderpartiet og fascismen

Kvifor mislykkast Quisling i 1933, spør historikar Jorunn Bjørgum i 1. mai-nummeret av Klassekampen. Hennar svar, i ein artikkel med mykje innsikt, er DNAs og særleg Martin Tranmæls snuoperasjon frå revolusjon og til reform som hovudsak (eller første steget), grunngitt med faren for at folk skulle slutte seg til fascistpartiet. Eg er noko usamd. Etter mitt skjøn handla snunaden i DNA først og fremst om å kome ut or krisa og få til arbeidsplassar.