Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjønnsdelt arbeidRudi trudde aldri han skulle bli sjukepleiar. Den slags var for kvinner.

Jobbane menn ikkje vil ha

Ein av få: Som 17-åring lova Rudi Francis Walker seg sjølv at han aldri skulle bli sjukepleiar. I dag er han glad han ombestemte seg, men skulle gjerne sett at fleire menn gjorde som han. – Det blir jo slik at ein snakkar om andre ting når det er mest damer på jobb.Foto: Christopher Olssøn

KONSERVATIV: I Norge er berre ni prosent av sjukepleiarane menn. I Italia er prosenten 25. Likestillinga må ta ein del av skulda for at det har blitt sånn.

«Eg skal aldri i verda bli sjukepleiar.» Det tenkte Rudi Francis Walker då han som 17-åring tok deltidsjobb på sjukeheim i Bergen. Han såg korleis sjukepleiarane stressa rundt, doserte ut piller til pasientane som dei ikkje rakk snakka med, før dei sprang vidare til neste. Det såg ikkje særleg givande ut.