Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det har omsider blitt svært moderne å bera si eiga vekt.

Lastedyr

Bondsk i byen: Ryggsekken dukkar opp i urbane landskap.

Når eg stund om anna vågar meg utanfor steingjerdet og dreg til hovudstaden, ventar eg framleis å møta urban eleganse. Men folk traskar gjennom gatene i forunderleg bondsk kledesbunad. I staden for stilige kåper og frakkar i kostbare ullstoff kler dei seg i nøkterne allvêrsjakker, der einaste ekstravaganse er ei og anna overdimensjonert hette med pelskant. Høge hælar ser ein snart berre på gjestene til Skavlan, og i TV-seriar om advokatkontor.