Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To av tre høyringssvar går mot regjeringas endringar i konsesjonslova for landbruket:

Stor motstand mot Dale

FÅR MOTBØR: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale frå Frp får ikkje særleg stor støtte i høyringsrunden om konsesjonslova for landbruket. Foto: Christopher Olssøn

KAMP: Bondelaget fryktar at endringane i konsesjonslova vil øydeleggje for den spreidde eigarskapen i norsk landbruk. Med seg på laget har dei fleire av statens eigne representantar ute i fylka.

Konsesjonslova har som mål å passe på at landbrukseigedomar i Noreg framleis blir brukt til nettopp det. Når regjeringa no har levert framlegg til Stortinget om ei rekkje liberaliseringar, har dei svært stor motstand mot seg.