KAMP: Bondelaget fryktar at endringane i konsesjonslova vil øydeleggje for den spreidde eigarskapen i norsk landbruk. Med seg på laget har dei fleire av statens eigne representantar ute i fylka.
Konsesjonslova har som mål å passe på at landbrukseigedomar i Noreg framleis blir brukt til nettopp det. Når regjeringa no har levert framlegg til Stortinget om ei rekkje liberaliseringar, har dei svært stor motstand mot seg.