Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fantasi

Som ein draum

Når ein skal løysa vitskaplege så vel som kvardagslege problem, spelar evna til å dagdrøyma og fantasera ei stor rolle.

Vanlegvis når me høyrer uttrykket «dei nære ting», tenkjer me på kvardagslege konkrete gjenstandar og gjeremål, på heim og familieliv, slike ting. Kanskje vil nokon tenkja på diktet «Jeg går omkring» av Arnulf Øverland, der han «tar på en og annen ting,/ som mine hender er fortrolig med – / en gammel snadde og en lysestake».