Fredag 21. april 2017
FÅR DET (NESTEN) SOM HAN VIL: Ap-leiar Jonas Gahr Støre heldt i går sin tale til landsmøtet i Arbeidarpartiet. Eitt av måla til Ap-leiinga er å gå gjennom helga utan for store oppmjukingar i asylpolitikken.
Det er laber stemning i Ap-fylkeslaga for å liberalisere asylpolitikken vesentleg:
Vil ha stram asylpolitikk
Terje Aasland
NEI: Det blir ikkje store endringar i Aps asylpolitikk, viser ei rundspørring i fylkeslaga. Men fleire tek til ords for at ein bør betre forholda for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Landsmøte

På landsmøtet i 2015 fekk parti­leiar Jonas Gahr Støre applaus då han erklærte at Arbeidarpartiet skulle gå inn for å ta imot 10.000 kvoteflyktningar til Noreg.

Sidan den gong har Noreg vore gjennom eit politisk stemningsskifte i asylpolitikken. I år er det lite som tyder på at partiet vil gå til val på noko anna enn ein relativt stram asyl­politikk.

Klassekampen har vore i kontakt med alle fylkeslaga i Ap. Dei aller fleste seier at dei ikkje ønskjer store liberaliseringar no, men at det kan vere verdt å sjå på praktiseringa av lovverket overfor einslege mindreårige asylsøkjarar. Fleire seier òg at dei ventar på endeleg innstilling frå redaksjonskomiteen.

Stein Erik Lauvås, fylkesleiar i Østfold, er ein av dei som meiner Ap framleis skal stå ved asylforliket:

– Eg trur vi skal stå ved det vi har gjort i Stortinget. Så er det praksisen her: Vi må passe på at dei einslege mindreårige blir tekne godt vare på.

Jon Rolf Næss, leiar i Aust-Agder Ap, er på same line:

– Eg synst jo i utgangspunktet at «streng og rettferdig» er bra. Samstundes er det enkeltsaker der det skjer klare overtramp. Ein må sjå meir nøye på korleis sakene blir handsama. Men eg er nok på line med forliket. Ein bør vakte seg vel for å gjere store endringar her, seier Næss, som likevel meiner det finst eit visst handlingsrom i praktiseringa av regelverket.

Fakta

Arbeidarpartiets landsmøte:

• I dag opnar nestleiar i Ap Hadia Tajik dagen med å innleie om partiprogrammet for neste stortingsperiode.

• Mette Frederiksen og Stefan Löfven, leiarar for Aps danske og svenske søsterparti, held helsingstalar.

• LO-leiar Gerd Kristiansen helsar landsmøtet på vegner av dei nasjonale gjestane.

Der får han følgje av Terje Aasland, leiar i Telemark:

– Det er eit handlingsrom som ligg no, og det er viktig at vi står ved dei vedtaka.

Fleire peikar også på andre element som ikkje rokkar ved hovudlinene i asylpolitikken. Det kan vere betre barnefagleg kompetanse på asylmottaka, barnehageplass til ungar på asylmottak og betre introduksjonsprogram.

Hordaland vil mjuke opp

I framkant av landsmøtet har Ap i Bergen og fylkeslaget i Hordaland sendt inn ei lang rekkje framlegg om oppmjuking av Aps flyktningpolitikk. Fylkeslaget vil mellom anna auke talet på kvoteflyktningar og at «tildelingen av midlertidig oppholdstillatelse for enslige mindreårige skal opp­høre».

– De vil liberalisere flyktningpolitikken?

– Det var ditt ord. Vi er einige i at Ap må føre ein streng asylpolitikk, men den må justerast på dei områda der politikken hemmar integreringa. Det gjer den i dag for barn og unge. Dei kan ikkje leve i uvisse på mellombels opphald fram til dei blir 18 år, seier Roger Valhammer.

Han leier Ap i Bergen og koordinerer fylkeslagets asylinnsats på landsmøtet.

Vil ha «rimelegheitskrav»

Fleire av dei fylkeslaga som ønskjer ei endring, peikar særleg på eitt tiltak: gjeninnføring av «rimelegheitskravet», slik også VG skreiv i går.

Dette handlar mellom anna om at det er urimeleg å sende 18-åringar tilbake til internflukt. Då Ap, Senterpartiet og regjeringa fjerna dette kravet, gjekk talet på returar i vêret.

Åtte lag har sendt inn setninga «Ved nådd 18 års alder skal det foretas en fornyet og inngående individuell vurdering av den enkeltes situasjon og behov for beskyttelse. Hensynet til rimelighet må inngå i beslutningsgrunnlaget», skriv VG.

Klassekampen kjenner til at den interne asylopposisjonen i Ap no arbeider med å samle seg om eit framlegg, der rimelegheitskravet står sentralt.

Lise Christoffersen, fungerande leiar i Buskerud, er ein av dei som ønskjer å gjere ei endring her.

– For min eigen del har eg argumentert for at då vi fjerna rimelegheitskravet fekk vi noko heilt anna enn det som blei skissert frå regjeringa. Forskjellen i utsendingar har blitt himmelvid, så der trengst det ei justering, seier ho til Klassekampen.

AUF vil opne opp

Ikkje overraskande er AUF ei av kreftene som sterkast arbeider for å liberalisere asylpolitikken til Ap.

«Kravet vårt er at Ap må avvikle midlertidigheten for enslige mindreårige asylsøkere, ikke for alle, men for langt flere enn i dag», sa AUF-leiar Mani Hussaini nyleg til Dagens Næringsliv.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 19. august 2017
MANGFOLD: MDGs Lan Marie Nguyen Berg sier hun blir skremt av Sylvi Listhaugs (Frp) frykt­retorikk.
Fredag 18. august 2017
SAMMEN: De fire faglige hovedorganisasjonene lager nå et felles prosjekt for å få flere fagorganiserte i arbeidslivet. – Det handler om å sikre den norske modellen, sier LO-lederen.
Torsdag 17. august 2017
LØFTE: Ap sliter på meningsmålingene. Nå lover de tusenvis av nye lærere og vil bruke ti milliarder mer på skole de neste årene. Lærerorganisasjonene og SV gir Ap skryt.
Onsdag 16. august 2017
UTRYGGE: Mindre enn fire av ti ungdommer er trygge på at de ikke vil bli arbeidsledige i framtida.
Tirsdag 15. august 2017
UNØDVENDIG: Kun 58 av over en halv million nordmenn med formuesskatt søkte den nye ordningen med utsatt skatt for bedriftseiere som sliter. Regjeringen innrømmer at det var færre enn antatt.
Mandag 14. august 2017
LIKE BARN: Det er den politiske eliten som er mest ettertrakta når organisasjonane flokkar seg til Arendals­uka. Det er langt mindre viktig å møte vanlege folk, viser ny forsking.
Lørdag 12. august 2017
FLOTT: Lederen for de postansattes fagforbund får sponset en leilighet til 10,4 millioner kroner i et av Oslos dyreste strøk.
Fredag 11. august 2017
(U)AVHENGIG: Rasmus Hansson insisterer på at MDG kan samarbeide både til høgre og til venstre. Men han kan ikkje svare på korleis ei høgresideregjering skal oppstå utan Frp.
Torsdag 10. august 2017
KUTT: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum mener forsvarsministeren har feilinformert Stortinget om kutt i Heimevernet.
Onsdag 9. august 2017
KUTT: HV-sjef Tor Rune Raabye vil vurdere å trekke seg i protest om planene for kutt i Heimevernet blir stående.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk