Torsdag 20. april 2017
KAN FÅ LANDSMØTET MOT SEG: Hadia Tajik har vore leiar av programarbeidet i Ap. No kan Ap-fylka gå inn for å stramme opp profittpolitikken til partiet. Her frå då ho og partileiar Jonas Gahr Støre la fram partiprogramutkastet tidlegare i vår. Foto: Siv Dolmen
Vil avgrense profittuttak:
Profitt-jag i Ap
Lise Christoffersen
Karianne Tung
STRAMMAR INN: Ti av fylkeslaga i Ap er no interesserte i å avgrense profitten på velferdstenester. Barnehagesektoren peikar seg ut.

Ap- LANDSMØTET

Frå Finnmark i nord til Agder i sør etterlyser no fylkeslag i Arbeidarpartiet ein tøffare politikk mot aktørar som tek ut profitt på offentleg finansierte velferdstenester. Dermed kan Ap gå inn for ein hardare politikk på dette området.

I dag opnar Ap-landsmøtet på Folkets hus i Oslo, og no kan altså Ap langt på veg følgje dei svenske Socialdemokraterna, som vedtok forbod mot å ta ut profitt på velferd på sin kongress før påske.

Hordaland Ap har sendt inn framlegg om at «Fellesskapets penger skal gå til gode velferdstjenester, derfor må vi begrense muligheten for å ta ut profitt».

Fleire av fylkes- og delegasjonsleiarane understrekar at dei ikkje vil binde seg til sjølve ordlyden, men meiner intensjonen er god.

– Eg liker at vi får mest mogleg ut av dei offentlege kronene. Telemark ønskjer avgrensing i utbyte når det gjeld velferd i privat regi. Vi har peika på barnehage og asyl, men òg generelt. Det er viktig fordi vi ønskjer mest mogleg igjen for dei offentlege kronene, seier Terje Aasland, leiar i Telemark Ap og stortingsrepresentant.

Også i nabofylket Aust-Agder har dei sans for framlegget:

– Å avgrense profittuttak på velferd er ei god sak. Det er pengar som fellesskapen skal ha glede av, seier Jon Rolf Næss, fylkesleiar i Aust-Agder.

Fakta

Aps landsmøte:

• I dag opnar Arbeidarpartiet sitt landsmøte i Folkets hus i Oslo.

• Partileiar Jonas Gahr Støre skal halde opningstale.

• Det blir debatt og fleire innlegg. Blant anna skal nestleiar Trond Giske halde innleiing om skolepolitikk, Marianne Marthinsen om ulikskap og Anniken Huitfeldt om sosialdemokratisk utanrikspolitikk.

– Er det eit felt du meiner er særleg viktig å sjå på?

– Ein bør byrje med å sjå på barnehagesektoren. Mange hentar ut profitt der, seier Næss.

Barnehagane

Fleire peikar på barnehagane. Sør-Trøndelag har ikkje teke stilling til ei generell avgrensing, men vil gå inn for avgrensingar på barnehagefeltet:

– På barnehage er vi heilt på line, seier fylkesleiar Karianne Tung.

Også Lise Christoffersen, fungerande fylkesleiar i Buskerud, meiner barnehage er aktuelt for innstramming.

– Om du spør meg personleg, er eg veldig skeptisk til at vi skal bruke fellesskapens pengar til å ta ut profitt på velferd. Dette er mellom anna aktuelt i barnehagar.

Stanley Wirak, fylkesleiar i Rogaland, seier han stør framlegget i prinsippet, men meiner ein må sjå på korleis det kan gjerast i praksis. Han viser til at det raudgrøne barnehageløftet blei gjennomført ved å få hjelp av private.

– Vi må kontrollere dette. Det må vere tilgang til eit rimeleg utbyte, ikkje meir. Vi kan ikkje ha ei open sjekkbok for offentlege pengar, men samstundes kan vi ikkje springe frå avtalar som blei inngått i si tid. Så vi må sjå på korleis dette kan gjerast.

Ikkje forbod

Det er Hordaland Ap som har stilt framlegget. Fylkesleiar Hans Erik Ringkjøb meiner framlegget er fornuftig:

– Det handlar om å slå ring om fellesskapen. Det har vore og er ein grunnleggjande verdi for Ap, seier han.

Han understrekar at det ikkje er eit forbod fylkeslaget hans går inn for. Ringkjøb er også ordførar på Voss, og seier at kommunen ikkje hadde hatt full barnehagedekning utan private.

– Men eg trur det er fornuftig å innføre avgrensingar på utbyte. Det er positivt at folk skal drive med barnehagar, men det må ikkje vere slik at det er veldig store pengar å tene.

– Kva er rimeleg, då?

– Det veit eg ikkje. Det har vi ikkje teke stilling til.

Også leiarane i Finnmark, Hedmark, Østfold, Buskerud, Sogn og Fjordane og Oppland meinte det var interessant å sjå på eit slikt type framlegg no.

– Eg er heilt einig i det, seier Runar Sjåstad, delegasjonsleiar for Finnmark Ap, om framlegget frå Hordaland.

– Vi er ikkje ferdige med delegasjonsmøta våre enno, men eg skulle bli særs overraska om nokon hos oss skulle avvike frå det synet.

Fleire av dei understrekar at dei ikkje ønskjer eit generelt forbod, slik svenskane har gått inn for. Tore Hagebakken, leiar i Oppland, meiner det er viktig å finne ein mellomveg.

– Å seie nei til alt, er å trekkje det for langt. Men å sjå på dette, det er eg open for. Det som er på det reine, er at det offentlege ikkje skal bli ei mjølkeku, seier Hagebakken.

Han meiner det er forskjell på dei ulike aktørane.

– I barnehagesektoren er halvparten private. Nokon er små, medan andre er multinasjonale selskap. Det dei har felles er at vi må stille krav til dei, seier han.

Også Mani Hussaini, leiar i AUF, vil gjerne stramme inn:

«Vi ønsker at fellesskapets penger skal gå til å gi gode velferdstjenester til innbyggerne, ikke i lomma på rike eiere av private velferdstilbud. Derfor mener vi at muligheten til å ta ut profitt fra denne typen tjenester må begrenses», skriv han i ein e-post.

Vil ikkje stramme inn

Andre fylke, som Vestfold og Oslo, seier at dei ikkje går inn for vidare innstrammingar.

– I utgangspunktet stør vi programkomiteens formulering. Den er dekkjande på barnehagar og skular, seier Truls Vasvik, leiar i Vestfold Ap.

Leiarane i Vest-Agder, Troms og Møre og Romsdal hadde ikkje teke stilling til framlegget då Klassekampen tok kontakt.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 24. juni 2017
FORSKJELLER: Professor mener vi kan få svenske tilstander i Norge, der en håndfull familiedynastier rår over enorme verdier.
Fredag 23. juni 2017
NY GIV: Dagrun Eriksen ble vraket som KrF-nestleder. Nå går hun inn i Agenda-styret og omtaler et mulig samarbeid mellom KrF og venstresida som «forlokkende».
Torsdag 22. juni 2017
TRE: Når Elkem no gjer det grøne skiftet frå fossilt kol til trekol, reiser dei ut i verda for å finna skog. Norsk skognæring er for lite utvikla, seier selskapet. Dei vil ha statleg støtte til skogimporten.
Onsdag 21. juni 2017
KUTT: Landmaktutredningen vil kutte 350 vervede soldater for å frigjøre ressurser. Robert Mood mener forslaget vil gjøre det vanskeligere og farligere å sende norske soldater til utlandet.
Tirsdag 20. juni 2017
JA, JA: På fem år har EØS-støtta auka 10 prosentpoeng. – Eg er overraska over at argumenta frå fagrørsla ikkje slår meir inn, seier Liv Signe Navarsete.
Mandag 19. juni 2017
NY PLAN: Kjell Grandhagen mener dagens forsvar er for lite. Han ønsker en plan for hva som skal gjøres dersom Norge skal bruke 2 prosent av bruttonasjonalproduktet på Forsvaret.
Lørdag 17. juni 2017
KVOTERING: Også i ikke-kvotepliktig sektor vil regjeringen bruke klima­kvoter for å nå klimamålene. Fordi det er kostnadseffektivt.
Fredag 16. juni 2017
BEKYMRET: Liv Signe Navarsete mener Donald Trump ikke er en god nok grunn til at Norge skal tenke annerledes om Nato. Hun advarer mot planene om et EU-ledet forsvarssamarbeid.
Torsdag 15. juni 2017
VENNEJAKT: Espen Barth Eide mener Norge må knytte tettere bånd til Tyskland og Norden, og at Europa må stå stødigere på egne bein så lenge Donald Trump er president i USA.
Onsdag 14. juni 2017
JUSS: Kommuner som favoriserer ideelle barnehager uten profitt, bryter loven, mener Kunnskapsdepartementet (KD). Ap i Trondheim hevder KD driver ideologisk strid for kommersielle.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk