Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Etter eit liv i kamp sit den argentinske aktivisten Milagro Sala framleis innesperra. Skal dette bli den våren ho slepp fri?

Ei indiansk Evita i hardt vêr

Støtte frå grunnplanet: Aktivisten Milagro Sala har vore fengsla sidan 16. januar 2016. Eitt år etter gjekk kamporganisasjonen Tupac Amaru, som Sala er den fremste talsperson for, talrike ut i gatene. Foto: Eitan ABRAMOVICH/AFP/NTB Scanpix

Den interamerikanske menneskerettskommisjonen (CIDH) har bede den argentinske regjeringa syta for at den indianske kvinna Milagro Sala straks blir sett fri frå fengselet i provinsen Jujuy nord i Argentina. CIDH viser mellom anna til at FN si arbeidsgruppe om vilkårleg fengsling har ført i marka gode argument mot fengslinga av Sala, til dømes at retten hennar til ein upartisk og uavhengig dom, er blitt krenka. I løpet av mai skal både CIDH og den nemnde FN-gruppa vitja Milagro Sala i fengselet.