REDDE: Kvinnefronten gir overgrepsoffer ei plattform til å fortelja historiene sine. Marika Lejon trur mange ber på opplevingane sine aleine i frykt for å ikkje bli trudd.
– Me veit at mørketala er store. Det er veldig få som melder overgrep til politiet, ofte på grunn av skam og redsle for å ikkje bli trudd. Difor lagar me ei side for desse menneska, seier Marika Lejon til Klassekampen.