Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Agnete del 3

Illustrasjoner: Knut Løvås

Det var fem dagar att til jul. Helmik Hauge som avspaserte den måndagen tok bilen og køyrt opp til Storamoset og parkerte der vegen tok av til Brusand. Det hadde regna i veker og månadar, og det heldt fram med å regna. Heia låg framfor han grå og ugjennomtrengeleg, skoddeomsust, men han hadde trong til å gå, gå mørket og førjula av seg og bli skikkeleg sveitt og utkjasa i heiane opp mot fjellheimen. Han langa opp bakken mot Synesvarden, det plaska kring støvlane av myr og vatn, han nesten sprang nedover, og skimta stigen i regnet mens han grådig kasta seg over flatene bortover mot Steinkjerringa. Regnet og vinden stod beint i mot, men han hadde blitt skikkeleg varm. Brått vart han var ein skikkelse ein tjuge meter lenger framme. Helmik Hauge var som alltid nyfiken, for kven i all verda og andre enn han sjølv kunne oppsøka dei aude mørke heiane? Han auka tempoet for å ta igjen mennesket og finna svaret. Vedkomande måtte ha registrert at han kom, for Helmik tok først ikkje noko innpå. Det gjorde han endå meir nyfiken, så han nærmast byksa framover, det var som om han gjekk på jakt denne mørke desemberdagen utan at han visste kven han jakta på. Dei gjekk slik eit snautt kvarter, før han såg at han ville vinna.