Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kyrkjas feiring av Luther-jubileet er som om eit tidlegare ektepar skulle feire jubileum for skilsmissa, skriv pater Haavar Simon Nilsen.

Ingen grunn til jubel

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Det er eit paradoks at Den norske kyrkja feirar 500 år med lutherdom. For korleis kan lutheranarar feire eit brot som ikkje berre omfattar kyrkjelege organisasjonar, men som grip like inn i einskapen i Kristus, sjølve grunnfeste for kristentrua? Det er som om eit tidlegare ektepar skulle feire jubileum for skilsmissa dei ein gong erfarte. Kyrkjesplittinga gjev ikkje grunn til feiring, men burde mane fram vemod og vilje til å søke nærare kvarandre i forsoning og i einskap med vår felles Herre.