Mandag 10. april 2017
SER LJOSET: Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan bruke påskeferien på å tenkje over kven som bør sitje i Støre 1-regjeringa. Her frå Zero-konferansen. 8Foto: Christopher Olssøn
• Alle småparti under sperregrensa • Borgarleg side i mindretal på femte månaden
­­Ap og Sp får fleirtalet
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
RAUDGRØNT: Med 85 mandat får Ap og Senterpartiet knappast mogleg fleirtal på Stor­tinget i ny måling. Grunnen: SV, Venstre, KrF, MDG og Raudt er under sperre­grensa.

MÅLING

«Jeg velger meg april», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Det er usikkert om Erna Solberg vil gjere diktarens ord til sine, all den tid den borgarlege blokka manglar fleirtal på femte månaden på rad.

Det viser ei ny måling utført av Norfakta på oppdrag for Klassekampen og Nationen.

Grunnen er at både Venstre og KrF på denne målinga er under sperregrensa på 4 prosent. I dag har desse partia saman med SV og Miljøpartiet 37 stortingsplassar. Men under sperregrensa får partia berre åtte mandat til saman, og dermed blir det veldig mange plassar å fordele på dei større partia.

I tillegg kaprar Raudt to mandat på denne målinga.

Fakta

Ny måling:

• Norfakta har utført ei måling på oppdrag for Klassekampen og Nationen. Spørsmålet er «Hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var stortingsvalg i dag?».

• Talet på respondentar er 1000. Målinga er utført 4. og 5. april. 19 prosent svarte «veit ikkje», og 6 prosent ville ikkje svare eller svarte at dei ikkje vil røyste.

• Alle endringar er innanfor feilmarginen med unntak av endringa for Senterpartiet.

«Et lite tulleparti»

Med denne utviklinga kan Frps Mazyar Keshvari få rett i sin karakteristikk av KrF som «et lite tulleparti».

Mørkast ser det likevel ut for Venstre. Partiet må notere seg ei måling på tretalet for tredje månad på rad. Bakgrunnstala tyder også på at partiet har låg lojalitet – det er få av Venstres 2013-veljarar som seier dei vil røyste på partiet på nytt i dag.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, erkjenner at partiet har eit problem.

– Vi har ei utfordring. Tala er ikkje gode nok, seier Rotevatn.

Ved førre Klassekampen-måling sa Guri Melby, leiar av Venstres programkomité, at partiet hadde ein jobb å gjere med å skaffe seg ein breiare profil enn berre klima og miljø.

– Guri har rett i analysen. Det er ikkje veldig mange veljarar som røystar på miljøsaka. Men no har vi brukt landsmøtet til å markere skule og oppvekst, seier Venstre-representanten.

Klima kan tape

– Dersom valkampen handlar om kampen mellom Senterpartiet og regjeringa: Kva saker går då under radaren?

– Det er stor skilnad på Venstre og SV, men det er ikkje tvil om at vi held i ein del felles saker som er veldig viktige. Vi er avgjerande for at Noreg skal ha ein klimapolitikk, for folk på flukt, for personvern og for ein human ruspolitikk. Om vi ikkje er del av ei regjering, vil mykje gå tapt i saker som oljefritt Lofoten Vesterålen og Senja. I slike saker representerer vi også eit folkefleirtal, seier Rotevatn.

– Kva regjering får Noreg dersom Ap og Sp får fleirtal saman?

– Det blir ei spanande regjering dersom ein er gira på eit prosjekt som gjer absolutt ingenting. Det er eit heitt alternativ for deg som vil konservere alt: Fire fine år i passivitet, seier Rotevatn.

Må flytte på merksemda

Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet, er glad for nok ei måling som gjev regjeringsmakt.

– Hovudmålet vårt er at dagens regjering mistar fleirtalet. Så er det uføreseieleg med så mange parti rundt sperregrensa, seier Stenseng.

Ho innrømmer at Ap, som tidlegare i stortingsperioden har snust på 40-talet, gjerne skulle sett betre tal.

– Vi har ein ambisjon om å krype høgare opp, ja. Det viktigaste no er å mobilisere.

Stenseng meiner sentraliseringsdebatten gjer at mange av Aps kjernesaker kjem i skuggen:

– Sp har hatt ei strålande utvikling. Våre saker, som eldreomsorg, helse, kamp mot arbeidsløyse og forskjellar, samt skule, ikkje kjem på dagsordenen, meiner Stenseng.

Mange bønder i by’n

Dersom dagens måling hadde vore valresultatet, hadde mange bønder måtte vekependle til Oslo: Heile 21 representantar ville Sp fått – det nest beste i historia.

– Dette er gledelege tal, seier Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, nestleiar i Senterpartiet.

Ho meiner likevel partiet må jobbe hardt for å halde heilt inn:

– Vi tek ingen stemmer for gjeve, men det er så viktig å få avløyst den blåblå regjeringa.

– Kva tenkjer du om at Sps gamle vener i KrF og SV er under sperregrensa?

– Dette blir ein thriller. Vi går til val på ei Sp- og Ap-basert regjering, og så får veljarane avgjere, seier Tvinnereim til Klassekampen.

politikk@klassekampen.no

Fredag 23. juni 2017
NY GIV: Dagrun Eriksen ble vraket som KrF-nestleder. Nå går hun inn i Agenda-styret og omtaler et mulig samarbeid mellom KrF og venstresida som «forlokkende».
Torsdag 22. juni 2017
TRE: Når Elkem no gjer det grøne skiftet frå fossilt kol til trekol, reiser dei ut i verda for å finna skog. Norsk skognæring er for lite utvikla, seier selskapet. Dei vil ha statleg støtte til skogimporten.
Onsdag 21. juni 2017
KUTT: Landmaktutredningen vil kutte 350 vervede soldater for å frigjøre ressurser. Robert Mood mener forslaget vil gjøre det vanskeligere og farligere å sende norske soldater til utlandet.
Tirsdag 20. juni 2017
JA, JA: På fem år har EØS-støtta auka 10 prosentpoeng. – Eg er overraska over at argumenta frå fagrørsla ikkje slår meir inn, seier Liv Signe Navarsete.
Mandag 19. juni 2017
NY PLAN: Kjell Grandhagen mener dagens forsvar er for lite. Han ønsker en plan for hva som skal gjøres dersom Norge skal bruke 2 prosent av bruttonasjonalproduktet på Forsvaret.
Lørdag 17. juni 2017
KVOTERING: Også i ikke-kvotepliktig sektor vil regjeringen bruke klima­kvoter for å nå klimamålene. Fordi det er kostnadseffektivt.
Fredag 16. juni 2017
BEKYMRET: Liv Signe Navarsete mener Donald Trump ikke er en god nok grunn til at Norge skal tenke annerledes om Nato. Hun advarer mot planene om et EU-ledet forsvarssamarbeid.
Torsdag 15. juni 2017
VENNEJAKT: Espen Barth Eide mener Norge må knytte tettere bånd til Tyskland og Norden, og at Europa må stå stødigere på egne bein så lenge Donald Trump er president i USA.
Onsdag 14. juni 2017
JUSS: Kommuner som favoriserer ideelle barnehager uten profitt, bryter loven, mener Kunnskapsdepartementet (KD). Ap i Trondheim hevder KD driver ideologisk strid for kommersielle.
Tirsdag 13. juni 2017
HASTVERK: Jan Tore Sanner (H) bed alle kommunane som skal slå seg saman om å haste seg gjennom viktige avgjerder midt i fellesferien.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk