Klassekampen.no
Lørdag 8. april 2017
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Kva betyr den nye likestillings- og diskrimineringslova?
Blåstrømpenes siger setjer kvinnekampen under press

For tre år sida gav dei borgarlege feministane Karen Thue og Victoria Wæthing ut boka «Blå­strømper, vi er de nye feministene». «Verden ligger for våre føtter, og vi forventer det. Som L’Oréal-reklamen sier: Vi fortjener det. Og ja, selvfølgelig gjør vi det. Ideen om at jenter og kvinner ikke skal ha de samme mulighetene som menn, er for vår generasjon nesten forhistorisk», hevda forfattarane.

Det er lite politisk nytenking å spore hos «dei nye feministane», berre den same, gamle motstanden mot likestillingstiltak i offentleg regi. Men om høgresida manglar feministiske idear utover laissez faire likestilling, så sit det likevel ei blåstrømpe og styrer Likestillingsdepartementet. Og onsdag denne veka tok norsk likestillingspolitikk eit – om enn lite – steg til høgre, då statsråd Solveig Horne (Frp) presenterte regjeringa sitt forslag til ei ny, felles likestillings- og diskrimi­neringslov.

Kva betyr det for kvinner at den særeigne likestillingslova som vart vedteken i 1978 blir skifta ut med ei felles lov? Både fagrørsla og kvinnerørsla har protestert mot ei slik endring, med argument om at kjønnslikestilling står i ei særstilling.

Eg må ta nokre atterhald: Horne måtte skrote fleire av dei mest kontroversielle forslaga sine etter høyringsrunden, og lovforslaget har mykje godt ved seg. På sitt beste kan den nye lova, med tilhøyrande diskrimineringsnemnd som skal leggast til Bergen, stryke vernet og sanksjonsmoglegheitene for personar som har opplevd diskriminering.

Det er likevel verdt å merke seg kva veg vinden bles: I utgangspunktet ville statsråden gjere lovverket kjønnsnøytralt og fjerne formuleringa i formålsparagrafen om å «særlig betre kvinners stilling». «Ei moderne lov bør gi uttrykk for at òg menn kan bli ramma av diskriminering i dagens samfunn. Eg meiner at vi ikkje bør framheve noko gruppe spesielt i ei lov som skal gi eit vern for alle», sa Horne til Fri Fagbevegelse. Kritikken vart så stor at Horne måtte gje seg, og ta inn att formuleringa. I tillegg til kvinner får også minoritetar som etniske minoritetar, homofile, lesbiske, transpersonar og personar med nedsett funksjonsevne særleg vern.

Førestillinga om likestillingsarbeid og kvinnekamp som noko umoderne er typisk for parti på høgresida: Vi har trass alt kome langt, er mantraet. Kvinner og menn har like moglegheiter i dag. At resultatet framleis er skeivt, når det kjem til fordelinga av politisk, økonomisk og kulturell makt, er ikkje anna enn resultatet av ulike individ sine frie livsval.

Meir interessant er det etter mitt syn at denne førestillinga har spreidd seg til feministar på venstresida. «Kvinnekampen er utdatert», skreiv Lone Segbø Løvaas frå Sosialistisk Ungdom i eit debattinnlegg i Klassekampen i januar i år. Kvinnekampen er historie, meinte ho. Ikkje slik å forstå at likestilling er oppnådd, men at feminisme i dag må handle om meir enn ulikskapen mellom menn og kvinner. Dagens feminisme er interseksjonell, og ser på korleis fleire diskrimineringsgrunnlag verkar saman. Den tek opp i seg antirasisme og LHBT-kamp, mellom anna.

Eit slikt perspektiv har mykje føre seg, og blir også løfta fram av statsråden. Til dømes blir svarte kvinner ofte utsett for dobbel diskriminering, på grunn av hudfarge og kjønn. Det betyr likevel ikkje at ei felles likestillings- og diskrimineringslov er den beste løysinga. «Vernet mot samansett diskriminering kan gjerast sterkare med dagens lovverk», sa jurist Vibeke Blaker Strand frå Norsk senter for menneskerettar (UiO) til nettstaden Kilden i fjor.

Ho har forska på Likestillingslova, og til Kilden stadfestar ho påstanden om at kjønn står i ei særstilling samanlikna med andre kjenneteikn som folk kan oppleve å bli diskriminerte for: «Det er noko strukturelt som angår alle, for alle har eit kjønn. Dei andre diskrimineringslovene handlar om minoritetar. Dei er ikkje mindre viktige av den grunn, men difor klarer ein ikkje nødvendigvis å samle de ulike behova i ei felles lov», sa ho, uroa for at nyansane skulle forsvinne med ei felles lov.

Den amerikanske filosofen og feministen Nancy Fraser har kritisert den moderne feminismen for å vere for oppteken av anti­diskriminering og rettar framfor kapitalismekritikk. Ho skuldar feministar for å ha tilpassa seg nyliberal individualisme framfor kollektive krav. Med utgangspunkt i Fraser kan ein tenkje seg at ei felles likestillings- og diskrimineringslov kan styrke denne tendensen, der ein ikkje lengre legg vekt på dei særeigne, strukturelle hindringane mot kjønnslikestilling i ei eiga likestillingslov, men heller forsøker å sikre kvart einskildindivid mot alle moglege former for diskriminering.

Konsekvensen kan bli at arbeid for kjønnslikestilling må konkurrere mot alle andre gode formål. Eit tenkt døme er at offentlege institusjonar kan slå seg på brystet og seie seg nøgde med likestillingsarbeidet sitt etter å ha gjort bygga sine universelt forma ut, eller laga handlingsplanar for inkludering av etniske minoritetar. Begge deler er viktig, men ingen av delane bidreg til kjønnsbalansen. Og kjønnsbalansen har ein lei tendens til å lide dersom fokuset på å rekruttere og løfte fram kvinner – og menn der det er nødvendig – ikkje er konstant.

Det er dette blåstrømpene ikkje vil forstå: Lite er så skadeleg for likestillinga mellom menn og kvinner som ideen om at vi er i mål.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 25. april 2017 kl. 11.10

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk