Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Senterpartiet et dei svin, drikk alkohol og viser ansiktet sitt. Partiets fyrstekandidat i Oslo har éin av tre i boks.

Bonde i byen

Ho er åtte år og på ferie i Pakistan. Det er midt på åttitalet. Aisha og familien sit i ein bil midt i trafikken i Lahore, den nest største byen i Pakistan. Så, på andre sida av vegen, ser ho det: Ein eldre mann, kledd i kvitt, som sit i vegkanten og tiggar. Mannen har turban og skjegg, og han sit der, midt i trafikken, utan å sjå den vesle jenta i bilen. Aisha byrjar gråte, og ropar til faren sin: «Kvifor er det sånn? Kvifor sit han der? Kvifor må han tigge?» Faren gjev dette utilstrekkjelege svaret foreldre altfor ofte må gje, nemleg at slik er det berre. Aisha vil at dei skal køyre til statsministeren og snakke med han om at dette ikkje går an. Så køyrer bilen vidare, og mannen er ute av syne.