Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kulturell avstand kan vera ei like stor utfordring som språkleg.

Omsette ord

Mangfaldig: «Vildanden», her i Thorleifur Örn Arnarssons oppsetjing frå 2016.

Skilnaden mellom omsetjing og gjendikting er fiktiv; han dreiar seg om pengar. Lyrikk-omsetjarar arbeider med så lite tekst at dei ikkje kan leva med same betaling per ord eller per side som det andre omsetjarar får. Difor fekk dei i si tid, som rimeleg var, ein annan tariff. Og med annan tariff følgde også annan omtale: gjendikting. Men sakleg og reelt sett er lyrikkomsetjing berre ein variant innan omsetjingsfaget; alle variantar har sine særtrekk og utfordringar.