Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den nobelprisvinnande engelske forfattaren Harold Pinter (1930–2008) hevda at det finst skilnad på sant og usant, rett og gale.

Pinters paradoks

Korleis kunne Harold Pinter meina at det finst eit klart skilje mellom sant og usant, når heile forfattarskapet hans viste det motsette?

I 2005 fekk den engelske dramatikaren Harold Pinter (1930–2008) nobelprisen i litteratur. Han var på det tidspunktet alvorleg sjuk, men klarte så vidt å spela inn det obligatoriske nobelforedraget på video. Foredraget heitte «Art, Truth and Politics». Han opna foredraget med å sitera noko han sjølv hadde sagt i 1958, like etter at han debuterte: