Alltid ettertid

Glødande: Skriftene til Torunn Borge prangar ikkje, men ber fram klåre tankar og klokskap.

«Jeg kan tydelig se at det Torunn og jeg skrev, ofte er preget av hennes språk. Det er et gjenkjennelig språk med en del presise, delvis innfløkte resonnementer som er lett å følge om du bruker tanken». Jeg-et som talar her, er Henning Hagerup, i samtaleboka «Leseren» av Alf van der Hagen. Saman med Ingrid Storholmen og Dagfinn Carlsson har Hagerup redigert og skrive føreord til Torunn Borges skrifter i utval og sett den treffande tittelen «Tankens lystprinsipp» til dei. Føreordet gir ein ektefølt presentasjon av Borge og ei effektiv innføring i korleis dei har tenkt: Boka er meint som ei hyllest til kritikaren, men også vennen Torunn Borge. Det set eg pris på at redaktørane er opne om.