Lørdag 18. mars 2017
Kravstor: SV-leiar Audun Lysbakken hausta applaus for sin leiartale til landsmøtet på Gardermoen. Partiet kan sende med han eit femte krav til haustens moglege forhandlingar.
SV kan utvide lista over deira hovudkrav for eit fleirtalssamarbeid etter valet:
SVs atomåtak mot Ap
Undersak

Oppgjer med Forskjells-Noreg

SV-leiar Audun Lysbakken gjorde økonomisk ulikskap til hovudsak i sin leiartale til partilandsmøtet i går.

– Dette valet skal bli eit oppgjer med den aukande ulikskapen, vi skal byte ut forskjellsregjeringa med eit fleirtal for forandring, sa Lysbakken.

Klassekampen skreiv tidlegare i veka om SVs plan for å redusere forskjellane i Noreg, og denne fekk god plass i talen. Meir progressiv skatt, auka barnetrygd, hardare styring med bustadmarknaden, ei ny arbeidsmiljølov og stans i statleg nedsal var oppskrifta til Lysbakken.

I miljøpolitikken markerte han tydeleg avstand til Arbeidarpartiet:

– Det finst ikkje noko kompromiss i denne saka. Vi har gjeve eit løfte til folket, fiskarane og naturen i Lofoten, Vesterålen og Senja. Vi har tenkt å vinne ein gong til, sa han.

SPRENGKRAFT: Ei rekkje delegatar arbeider no for at SV skal utvide si liste over hovudkrav med eitt punkt: kamp for atomvåpenforbod. SV-leiinga avviser ikkje kravet.

landsmøte

SVs landsstyre har innstilt på at partiet skal stille fire krav til eit eventuelt fleirtalssamarbeid etter haustens val. No kan landsmøtet gjere lista endå lengre.

Vestfold SV vil at partiet skal krevje at ei ny regjering «skriver under på forbudet mot atomvåpen». Lokallaget Frogner SV og fleire enkeltmedlemer har også fremja tilsvarande framlegg om at SV må krevje at ei ny regjering går inn for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Snorre Valen er nestleiar og leiar av programkomiteen i SV. Han utelukkar ikkje ei femte hovudprioritering.

– Alt er mogleg til landsmøtesalen har røysta. Eg kjenner at det er veldig oppslutning om atomvåpenkravet ein del plassar. Men eg vil samstundes åtvare mot å la lista ese ut.

– Er dette det kravet det er mest trykk bak?

– Eg oppfattar atomvåpen som det det er mest trykk bak, ja. Men det er før vi har debattert det i salen. Men det er mitt inntrykk, slår Valen fast.

– Kvifor er det viktig at lista ikkje eser ut?

– For det fyrste er det viktig at vi kan prioritere hardt. Det gjev oss større gjennomslag. For det andre vil ei altfor stor liste gje inntrykk av at vi ikkje er interessert i å få makt, altså at vi har laga ei liste det er lett for motstandaren å seie nei til, fordi vi har laga den for å sleppe å ta ansvar.

Fakta

SVs landsmøte:

• SVs landsstyre har innstilt på at partiet går for fire hovudkrav i eventuelle fleirtalsforhandlingar til hausten: Stikkord er nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, auka barnetrygd, lærarnorm i skulen og profittfri velferd.

• I dag skal partiet diskutere fråsegner og velje ny leiing.

• Kirsti Bergstø, stortings­representant frå Finnmark, er innstilt som ny nestleiar. Valnemnda har delt seg mellom Andreas Halse og Audun Herning i synet på kven som bør bli ny partisekretær.

Støtte frå sjefen

SV-leiar Audun Lysbakken er heller ikkje i kampmodus mot framlegget. Han åtvarar også mot å auke lista for mykje.

– Vi går til landsmøtet med landsstyrets framlegg, det er vårt utgangspunkt. Så er det landsmøtet som avgjer, seier Lysbakken.

Han understrekar at det politiske innhaldet i kravet i ukontroversielt i SV:

– Sjølve kravet er det absolutt inga usemje om i SV, og mi klare forventing er at eit nytt fleirtal vil gjere dette. Også andre raudgrøne parti har gjeve uttrykk for at dei vil ha ein slik politikk.

Vestfold kan vinne

Ein av dei som ivrar for atomvåpenforbod-kravet, er fylkesleiar Olav S. Vika i Vestfold SV.

– I ei verd der Trump sit med fingeren på den raude knappen, er det å få forbode atomvåpen, som vi har gjort med alle andre masseøydeleggingsvåpen, eit viktig mål framover. Det er ingen tvil om at SV meiner det, men eg trur at dette er ei av dei sakene det er viktig for SV å løfte heilt opp og presse Ap på.

SV-leiinga har lagt prestisje i å ikkje få vedteke fleire enn fire krav, men Vika er ikkje villig til å kutte eit anna for å gje plass.

– Atomvåpenkravet er eit kort og fyndig krav som er såpass konkret at eg trur det er mogleg å cashe ut, seier han.

Henriette Westhrin er tidlegare SV-nestleiar og statssekretær. No er ho generalsekretær i Norsk Folkehjelp, som ivrar for atomvåpenforbod.

– Norsk Folkehjelp er glade for at SV vil reise saka. Vi vil at ei ny regjering skal ha ei ny utanrikspolitisk line, og då trengst det nok nokon som er villig til å reise denne saka i valkampen, seier ho.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 27. mai 2017
– Samlokalisering av nødsentralene ble vedtatt av Stortinget i juni 2015, Hvorfor går det så treigt å få det gjennomført?– Vi synes ikke det går treigt. Men jeg tror det er vanskelig å sette seg inn i hvor komplisert dette er. Vi...
Fredag 26. mai 2017
SVIKT: Robert Mood sier Norge har store svakheter med samfunnssikkerhet og beredskap. Han tror problemene enten skyldes systemsvikt eller «en alvorlig ansvarsfraskrivelse fra toppen».
Onsdag 24. mai 2017
UTRYGT: Ap tar et oppgjør med regjeringens beredskapsarbeid. – Politidirektoratet styrer seg selv, sier Hadia Tajik.
Tirsdag 23. mai 2017
UTSATT: Nav stenger skrankene for å få mer tid til dem med størst behov. Men representantene for Navs mest utsatte brukere er kritiske.
Mandag 22. mai 2017
STREITINGER: Miljøpartiet De Grønne går bort fra standpunkt om hvalfangst og alternativ medisin, og toner ned kontroversielle temaer til fordel for hovedsakene i klimapolitikken.
Lørdag 20. mai 2017
HAR TROA: MDG gjør det så svakt at Rasmus Hansson risikerer å falle ut av Stortinget. Likevel mener han partiet kan nå 15 prosent oppslutning på sikt.
Fredag 19. mai 2017
LITE IDEELT: Færre og færre asylmottak blir drivne av ideelle organisasjonar. No meiner Norsk Folkehjelp at Stortinget må ta grep om ikkje ideell sektor skal bli utradert frå mottakssystemet.
Torsdag 18. mai 2017
MOTSTAND: Ei rekkje nye meiningsmålingar viser stor støtte til SVs kampsaker ved dette valet, meiner Audun Lysbakken.
Tirsdag 16. mai 2017
OVERRASKET: Liv Signe Navarsete er overrasket over at regjeringen avviser at rakettskjoldet er rettet mot Russland, samtidig som Forsvaret bruker Russland som et argument for at Norge skal bli med i Natos skjold.
Mandag 15. mai 2017
JOBB: Ledige ingeniører er villige til å flytte på seg, men får likevel ikke tilbud om jobb. Det viser en ny undersøkelse blant Nitos medlemmer.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk