Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Debut: Maia Kjeldset Siverts ufarleggjer noko potensielt uhandterbart.

Forsvarsmekanismer

Utropsteikna står tett i tett på omslaget til Maia Kjeldset Siverts si debutbok. Kanskje er det for å understreka innhaldets kontante, insisterande tone, lik nokon som snakkar litt for høgt, utan å sjå samtalepartnaren i augo. «Det ble en rotte!» har dette lette strøket av manglande sosial intelligens over seg – ein effekt som utan tvil er tilsikta frå forfattarens side. Samlinga består av korttekstar satt til det moderne liv, men skildringane av det tilsynelatande normale – scener frå kjærleiksforhold, venskap, sex, sjukdom, familieliv – vert i Siverts sin penn vridd til det absurde, og stundom groteske.