Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No logo? I selskapet Patagonia kjem paradoksa i kapitalismen til syne.

Biblioteket i Patagonia

«Ikkje kjøp denne jakka». Med desse orda sette det amerikanske klesselskapet Patagonia ein liten støkk i avislesarar i november 2011. Orda var plassert over eit bilete av ei bestseljar-jakke frå selskapet, og reklamen var meint å få folk til å tenkje seg om før dei gjekk ut denne morgonen, på «Black Friday». Reklamen var den enklaste form for omvendt psykologi: Opplysingar om kvalitetane ved jakka var lirka inn mellom setningar som bar miljøbodskapen fram. Patagonia, også kjent under klengenamnet Patagucci, selde mange fleire jakker enn dei vanlegvis gjer.