Tirsdag 14. mars 2017
Blant vaksne bein: Filmskapar Egil Håskjold Larsen har plassert kamera berre ein meter over bakken, for at vi skal kunne oppleva korleis flukta frå Hellas til Sverige artar seg for den syriske treåringen Lean Kanjo. BEGGE foto: Sant & Usant
Dokumentarfilmen «69 minutt av 86 dagar» følgjer ein treårig syrisk flyktning gjennom Europa:
Flukt med barneaugo
På flukt: Familien Kanjo til venstre, tolken Nizam Najar (ståande) og regissøren Egil Håskjold Larsen (til høgre). Foto: Sant & Usant
Egil Håskjold ­Larsens debutfilm er ønskja av både Redd Barna og internasjonale filmfestivalar.

film

Redd Barna-veka handlar i år om barn på flukt, og ein viktig del av programmet er Egil Håskjold Larsens dokumentarfilm som følgjer den syriske småjenta Lean Kanjo frå ­Hellas til Sverige.

«69 minutt av 86 dagar» er no å sjå på ­arrangement rundt om i landet.

Den særmerkte filmen, med improvisert musikk av Bugge Wesseltoft, men utan intervju eller forteljarrøyst, og med kamera plassert i barnehøgd, ein meter over bakken, har òg vekt interesse hos cinemateka og internasjonale dokumentarfestivalar.

Fakta

Flyktningfilm:

• Egil Håskjold Larsens dokumentarfilm «69 minutt av 86 dagar» følgjer ei treårig syrisk jente langs flyktningruta frå Hellas til Sverige.

• Filmen er ein sentral del av Redd Barna-veka (10.–19. mars) og er på landsdekkjande turné, som vil enda i Volda 19. april. Onsdag er det vising i Trondheim, torsdag i Kristiansand og måndag i Tromsø.

• 31. mars kjem hovudpersonane, familien Kanjo, til festivalen Eurodok i Oslo.

• Filmen er produsent av Sant & Usant og støtta av Norsk filminstitutt, Viken filmsenter, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord og Aftenposten TV.


Friskt blikk

Hausten 2015 reiste fotograf og filmskapar Egil Håskjold Larsen til Hellas for å finna og filma «ein tilfeldig, men vanleg» flyktningfamilie. ­Larsen hadde lenge kjend på at flyktningkrisa trengde eit friskt blikk.

– Nyhendereportasjane bruker mest tid på å rettferdiggjera kva slags folk det er som kjem som flyktningar til Europa. Eg ville at publikum skulle skapa rammene for forteljinga sjølv. Eg trur det er effektivt i filmar der sjåarane møter bilda med så mykje ballast, slik vi alle gjer når det handlar om flyktningkrisa.

Det seier debuterande langfilmregissør Egil Håskjold Larsen.

Kva kan du så gjera for å vaska augo på folk når sjølve temaet, flyktningstraumen over Middelhavet og gjennom Europa, får sjåarane på tankar om ei rad samansette og dels motstridande tema? Egil Håskjold Larsen har ønskja å fri oss frå både krigsbrotsverka, som folk har flykta frå, og islam­frykta, som mange europearar har i bakhovudet.

– Eg ønskja å leggja til rette for eit reint mellommenneskeleg møte. Det kravde at filmen presenterte ein person som endå ikkje var sterkt forma av samfunnet omkring seg, som så langt som råd var var upåverka av merkelappar. Da måtte det bli eit barn: Eit menneske som er ope og nyfiken i møte med verda, og som sjåaren kan møta med same «nøytrale» blikk.


Grensehinderløype

Egil Håskjold Larsen reiste til Hellas utan å vita kva eller kven han ville finna. For å gjera ei lang historie kort, vart han til slutt kjend med Kanjo-familien. Lean var då ei tre­årig jente, som under dramatiske omstende hadde flykta frå utkanten av Damaskus via Tyrkia til den greske øya Kos.

– Familien var tett knytte til kvarandre, og Lean var sjølvstendig, energisk og uredd. Då dei brått fekk utreisepapir til Athen, vart eg og tolken, Nizam Najar, med dei.

Larsen enda opp med å følgja familien heilt til Uppsala i Sverige, der Leans farfar alt budde. Når vi i filmen ser dei nå målet, aner vi at både flyktningar og filmskapar er letta.

– Å følgja flyktningruta er utmattande. For meg var det mest slitsamt at politi i alle land freista å hindra meg i å gjera opptak, jamvel på offentlege plassar. Eg kunne heller ikkje passera grensene på same stadar som familien, og brukte mykje tid på grensestasjonar og på å finna dei att på den andre sida. Kvart minutt eg fekk filma, var difor viktig.

«69 minutt av 86 dagar» er trufast mot Lean, og vi opplever reisa slik ho ser henne, frå synet av redningsvestane som ligg att på stranda i Hellas til dei opptrakka vegane over åkrane på Balkan. Kamera finn henne mellom vaksne bein og bagasje på støyande ferjer og fulle tog, og i provisoriske leirar der det lyd ein kakofoni av språk. Filmen går aldri ut av universet til barnet, men observerer Leans nyfikne blikk på alt omkring seg og lyttar til hennar improviserte songar og forteljingar, som på kjent småbarnsvis vekslar mellom røynd og fantasi. Dei små monologane avslører også at Lean har forstått kva reisa handlar om.


– Då vi nærma oss Sverige, lèt kamera gå, medan Lean byrjar å snakka – lenge og samanhengande – til onkelen sin, Ahmed, fortel Larsen, som ikkje forstod kva han hadde fanga av kamera før han fekk forteljinga tolka.

Lean fortel om katten sin, som har døydd aleine, men som ho fantaserer om å berga med ein tur til apoteket. Vidare legg ho ut om at det første ho vil gjera i Sverige, er å læra seg å symja. Ho har sett ­mange som har mista alt på havet.

– Dette var ein av dei scenene som rørte dei vaksne i familien sterkast då dei fekk sjå filmen på ein førpremiere i Uppsala nyleg. Lean gjenfortel mange av opplevingane frå flukta, og det var viktig for dei, at publikum verkeleg forstod kva ho sa her.


Improvisert musikk

Det er risikabelt å lata eit lite barn bera ein film, eit barn utan eit artikulert språk og jamvel eit barn på flukt. Ifølgje filmprodusent Tone Grøttjord-Glenne i produksjonsselskapet Sant & Usant hadde ikkje «69 minutt av 86 dagar» kunne blitt noko av, hadde det ikkje vore for den kontakten Larsen fekk med Lean – og tilliten han fekk frå familien hennar. Ein tillit både filmskapar og produsent har vore oppteken av å forvalta på beste måte.

Regissøren har også eit personleg band til Syria.

– Kona mi er frå Syria, og vi har ei niese i Syria, som no er på Lean sin alder. Det er sjølvsagt noko som opptar meg mykje.

For Egil Håskjold Larsen var det ikkje aktuelt å laga film om krigen i seg sjølv. Han vil vi skal kunne leva oss inn i flyktningtilværet. Om filmen er enkel i si form, har han vore krevjande å laga både under opptak og i eit omfattande etterarbeid.

– Eg har bakgrunn som stillsfotograf og ønskja at bilda skulle fortelja i seg sjølv, fortel Larsen, som har filma i breiformatet cinemascope.

Filmen rettleiar oss ikkje om kor familien kjem frå, eller kor vi er til ei kvar tid. Til gjengjeld er det ein god del musikk i filmen. Også musikken har vorte til på originalt vis. Komponist og pianist Bugge Wesseltoft har saman med cellist Audun Sandvik improvisert lag på lag med musikk til scener i filmen, ved å komponera medan dei har sett filmen i musikkstudioet.


– Vi har også planlagt livekonsertar, der Bugge Wesseltoft vil improvisera til filmen.

I tillegg til å ha ein uvanleg innfallsvinkel til temaet sitt, har filmen også vekt merksemd for sin kunstnariske kvalitet. I tillegg til cinematek-visningar er det også klart at filmen vil bli vist ved svært viktige, internasjonale filmfestivalar utover våren og sommaren, noko som garanterer eit langt festivalliv.

Elles vil alle kunne sjå filmen på Aftenposten TV. Den står også på festivalprogrammet til Eurodok i Oslo 31. mars. Dit kjem også Lean og familien hennar.

guri.kulaas@klassekampen.no


Mandag 27. mars 2017
Forfatterforeningen gjør seg klare til et eventuelt regjeringsskifte til høsten og vil ha bokloven høyt oppe på sakslista etter valget. I helga inviterte de politikerne til årsmøte.
Lørdag 25. mars 2017
Vi ser oftere ansiktene til NRKs korrespondenter på Dagsrevyen enn vi ser reportasjer fra området de dekker. – Det er ­nesten blitt en sykdom, mener kritiker.
Fredag 24. mars 2017
Cappelen Damms erotiske håp, bok­serien «Calendar Girl», har bare solgt en brøkdel av den fire år eldre «Fifty Shades of Grey». Også forlaget Tiden prøvde seg på erotikk i fjor, med lite hell.
Torsdag 23. mars 2017
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ønsker at humanistiske forskere i større grad enn tidligere skal tenke gjennom fagenes nytte. Han møter motbør fra filosof Arne Johan Vetlesen.
Onsdag 22. mars 2017
Sverige har Europas høyeste kvinneandel på film – takket være streng politikk. Arbeiderpartiet varsler tøffere krav til filmbransjen hvis de kommer til makta.
Tirsdag 21. mars 2017
– Avisa Dagbladet er på mange måter i ferd med å bli en abonnementsavis, sier sjef­redaktør John Arne Markussen. Veksten i digital brukerbetaling åpner for at avisa kan kvalifisere for presse­støtte i år.
Mandag 20. mars 2017
Striden mellom NRK og Norsk filmforbund fører til at publikum ikke får se populære serier på nett-tv. I dag starter filmarbeidernes boikott av statskanalen.
Lørdag 18. mars 2017
Logistikkselskapet Kvikkas sørger for at 775 arbeidsplasser i konkursrammede Norpost blir reddet. Bak oppkjøpet står Kvikkas’ kapitalsterke eiere, ­investeringsselskapet Novela.
Fredag 17. mars 2017
44 prosent av de ansatte ved Det medisinske fakultetet i Oslo står i midlertidige stillinger. – Et problem for kvaliteten på forskningen, mener Kari Sollien i Akademikerne.
Torsdag 16. mars 2017
Fem filmforbund ber medlemmene sine om å si nei til jobber for NRK på grunn av strid om rettigheter. – NRK har alltid vært uryddigst i klassen, sier serieskaper ­Kristopher Schau.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk