Mandag 13. mars 2017
Høgre-vrien

• Du veit det nærmar seg val når Erna Solberg karikerer både sin eigen og motstandarane sin politikk. Dei som høyrde landsmøtetalen hennar, kunne nesten tru at ho vil ha økonomisk utjamning. Heile seks gonger tok statsministeren til orde for at det er bra med små forskjellar. Solberg brukte landsmøtet til å prøve å få Høgre til å verke moderat og sentrumsorientert. Ho vil gi skattekutt, men dei skal vera «moderate». Samtidig held Høgre fram med angrepa på Jonas Gahr Støre for «vingling». No hevdar dei dessutan at Jonas Gahr Støre vil sette Norge «i revers», fordi han er imot fleire tvangs- og sentraliseringsreformer.

• Erna Solberg gjer no som ho gjorde før valet i 2013, nemleg å snakke seg bort frå høgre og inn i sentrum av norsk politikk. «Dette er første gang noen har forsøkt å mumle seg til regjeringsmakt i Norge,» sa SV-leiar Audun Lysbakken den gongen. Solberg lova at moderate skattekutt skulle bidra til nye arbeidsplassar og komma folk flest til gode. Slik har det ikkje gått. Sjølv om dei blåblå nesten har dobla oljepengebruken, har ikkje talet på private arbeidsplassar vakse, og sysselsettinga har gått ned. Dei enorme skattegåvene har gått til dei aller rikaste: Mens 94 prosent av folket i snitt har fått 3600 kroner i årlege skattelette, har dei 1600 rikaste fått kutta skatten med 575.000 kroner, har VG vist med tal frå Finansdepartementet. Ein ny SSB-rapport viser da også at ulikskapen i Norge auka meir i 2015 enn han har gjort på ti år.

• Høgre-landsmøtet har i fleire vedtak tilsynelatande lagt seg nærmare sentrum og særleg KrF. Målet om søndagsopne butikkar er ute av programmet, skattekutt skal vera «moderate», eggdonasjon vart utsett, og Høgre «vil vurdere» innføring av foreldingsfrist i statsborgarsaker. Fleire av vedtaka er likevel så runde og uforpliktande at dei blåblå kan halde fram med den tydelege høgrevridinga av Norge om dei vinn valet. No lovar Solberg små forskjellar, sjølv om fire år med høgrestyre har auka ulikskapen. Fram til valet skal Høgre bruke slagordet «Vi tror på Norge», men Norge har ingen grunn til å tru på Erna Solberg og Høgre.

Torsdag 19. oktober 2017
• I en debatt i NRK Dagsnytt 18 denne uka med Nationens redaktør Irene Halvorsen gjentok kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) en rekke ganger at en av begrunnelsene for at hun går inn for å kutte pressestøtten med over 25 millioner...
Onsdag 18. oktober 2017
• I kjølvannet av de omfattende overgrepsanklagene mot Hollywood-toppen Harvey Weinstein har kvinner verden over grepet til sosiale medier for å vise sin motstand mot seksuell trakassering. Under emneknaggen #metoo (meg også) har...
Tirsdag 17. oktober 2017
• Det framlagte statsbudsjettet for 2018 legger opp til en massakre for Frivillighets-Norge. Kuttene skjer delvis ved redusert momskompensasjon for frivillige organisasjoner til tross for at et samlet storting så seint som i juni i år stilte...
Mandag 16. oktober 2017
• Etter at Høgre og Framstegspartiet kom til makta i 2013 starta dei ei såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Reforma skulle innebera at offentlege verksemder får redusert løyvingane med 0,5 prosent kvart år,...
Lørdag 14. oktober 2017
• Det gikk et lettelsens sukk i en rekke europeiske hovedsteder i mars, da det nederlandske valget endte med seier for statsminister Mark Rutte og hans høyreliberale parti VVD. I mai fulgte Frankrike opp med seier for Emmanuel Macron i siste...
Fredag 13. oktober 2017
• USAs president Donald Trump vil i dag kunngjøre hva han vil gjøre med atomavtalen med Iran som han gjentatte ganger har kalt «den verste avtalen noensinne». Avtalen med Iran ble framforhandlet av USA, Russland, Kina, Storbritannia,...
Torsdag 12. oktober 2017
• Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis...
Onsdag 11. oktober 2017
• Laurdag avslørte Klassekampen at USA legg opp til at amerikanske soldatar skal vera på Værnes i Trøndelag i lang tid. Amerikanske dokument omtalar stasjoneringa av soldatar som «vedvarande». Måndag skreiv vi at USA også planlegg...
Tirsdag 10. oktober 2017
• Regjeringens forslag om å frata paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge (IRN) driftstilskuddet er ubetenksomt. Det er liten tvil om at IRN har sine problemer, og mange har ønsket seg en mer offensiv brobyggerprofil fra organisasjonen. Ti...
Mandag 9. oktober 2017
• Nestleder i Arbeiderpartiet Hadia Tajik uttrykte forrige uke at partiet har forsømt seg i debattene om fri flyt av arbeidskraft. Hun sier i et intervju her i avisa at europeiske sosialdemokrater i årevis har tillatt et rammeverk som fører...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk