Klassekampen.no
Lørdag 11. mars 2017
8Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Å opphøgje menneskeord til dogme er uluthersk.
I Luther-året framstår kyrkja som eit hus i strid med seg sjølv

Reformasjonsjubileet, femhundreårsminnet for Martin Luthers opprør mot avlatshandelen, vekker engasjement og interesse, og det er ikkje lenger nødvendig å terpe på at reformasjonen ikkje berre vedgår kyrkjefolket. Arven frå Martin Luther er ei sak for alle som bur i landet, fordi Luthers lære har sett djupe spor i det norske samfunnet, skulen og alt offentleg liv i fem hundre år.

Det er ingen tvil om at reformasjonen vart påtvinga det norske folket utanfrå, av den danske kongsmakta, som ikkje minst hadde interesse av å overta dei omfattande jordeigedommane som den katolske kyrkja rådde over. Katolsk sed og skikk levde mange stader vidare i store delar av landet, og lutherdommen vart først ei folkerørsle da Hans Nielsen Hauge la ut på reisene sine og skreiv bøker som vart lesne i filler i bygd og by.

I si haugianske form har Luthers lære vore ei drivkraft i det norske samfunnet frå 1814 og fram til i dag.

Derfor er det tankevekkande at den norske kyrkja i Luther-året framstår som eit hus i strid med seg sjølv, trass i vedtak som skulle samle, slik som vedtaket på kyrkjemøtet i fjor om at ein skal leva med to syn på spørsmålet om ekteskap mellom to kjønn. Striden om homofili og likekjønna ekteskap har herja på ein utmattande måte i kyrkja og avisspaltene i meir enn tjue år og stilt andre spørsmål i skuggen.

No kjem reaksjonen på at kyrkjefolket har funne fram til eit kompromiss i ekteskapsspørsmålet og vil samle seg om det eine nødvendige.

Bibelfundamentalistane fiskar i rørt vatn og erklærer at dei ikkje lenger kjenner seg heime i den norske kyrkja. Store og små profetar opprettar nye kyrkjesamfunn, samtidig som dei er ute av stand til å samarbeide om eit livskraftig alternativ til den kyrkja vi alt har, og endar opp med eit sektvesen som umogleg kan få anna utfall enn å svekke kristendommens stilling i det norske samfunnet.

I mi levetid har gått føre seg ei oppvakning i den norske kyrkja som gjer det vanskeleg å forsvara påstanden om at kyrkja står på makta si side. Impulsane frå frigjeringsteologien i Latin-­Amerika og afrikansk teologi har forplanta seg heilt inn i bispekollegiet.

Også kyrkjeleiarar som har eit tradisjonelt syn på ekteskapet, talar med stor autoritet makta midt imot i flyktningspørsmålet. Det kristne ansvaret for livsmiljøet, omtalt som skaparverket, er blitt eit hovudspørsmål i den kyrkjelege samtalen.

Det er mi erfaring at dette er ei reformrørsle og ei nytenkings-rørsle som grip djupt ned blant norske kristne, og ikkje berre er ein mote blant biskopar og prestar. Perspektivet er flytta bort frå helvetesforkynning og Guds straffedom til nestekjærleik og nåde.

Så seint som tysdag i denne veka kom ein gammal kvinneleg misjonær i rullestol, oppvaksen på bedehuset, trillande bort til meg for å fortelja om korleis tilfeldige bibelsitat i alle år har vore brukt til å få kvinnene til å grava sitt pund ned i jorda, stikk i strid med Jesu eigne ord. Forteljinga hennar, om ein barndom i frykt for at ho skulle gå fortapt fordi ho ikkje greidde å leva opp til Jesu fullkomne ideal, gjorde inntrykk.

Men det eg aldri kjem til å gløyme, var vitnemålet hennar om eit personleg møte med Kristus i tenåra, da ho i fortviling over at ho skulle hamne i helvete, opplevde at Meisteren sjølv kom inn til henne, og sa han ikkje var komen for å dømme, men for å støtte og hjelpe henne. Så retta ho handa fram og greip Jesu hand, og den har ho halde i sidan.

Det kan hende at mine sekulære venner drar på smilebandet av slike åndelege opplevingar. Men denne kvinna, med mange år i misjonens teneste, har det som blir kalla street credibility.

Forteljinga hennar er heilt parallell med det Martin Luther skriv om si eiga åndelege oppvakning. Også Luther levde i frykt og angst for den strenge og dømmande Kristus, til skriftefaren fortalte han at Jesus var komen til verda for å frelse og frigjera menneska. Der begynner den lutherske polemikken mot all teologi som sa at pengegåver og botsøvingar kunne hjelpe eit menneske til himmelen.

Midt i Luther-året opplever ein så at konservative krefter i den norske kyrkja samlar seg for å kjempe for staten Israel, mot abort og mot det kompromisset som kyrkja omsider er komen fram til i ekteskapsspørsmålet. For mange av desse leiarane er Bibelen ei lovbok med juridiske paragrafar om livsførsel og seksualmoral og ikkje eit frigjerande evangelium.

I to hundre år har dei same kreftene kjempa mot det kvinnesynet som Hans Nielsen Hauge stod for til sin død, nemleg at kvinnene skulle ha full likestilling med mennene også som åndelege leiarar. Den kampen innser dei nok at dei har tapt, men på andre område gjeld framleis ideen om at det finst første og annanrangs menneske, basert på status, kjønn og legning.

Den lutherske reformasjonen er uferdig, så lenge tilfeldige bibelord blir brukt til å halde menneske nede, og ikkje forkynt som eit evangelium som skal frigjera alle menneske og gi dei eit godt liv også i denne verda.

Det er uluthersk å opphøgje menneskeord til dogme, og det er uhaugiansk å splitte den kyrkja, som Hauge sjølv var forfølgd av, men som han like fullt oppfordra tilhengarane sine til ikkje å forlata.

Bibelfundamentalisme og kyrkjesplitting er eit farvel både til lutherdom og haugianisme.

edvard.a.hoem@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 27. mars 2017 kl. 12.44

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk