Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endring

Prosa i staden for Prozac?

Vi kan nytta skjønnlitteratur for å få til endring i liva våre. Litteraturen er særleg nyttig i utvikling av empati.

Då den unge aleinemora Jane Davis frå Liverpool for mange år sidan las den urovekkjande romanen «Shikasta» av Doris Lessing, kjende ho seg så forvirra og nær eit samanbrot at ho skreiv til Lessing og klaga og bad om hjelp. Doris Lessing var ikkje verre enn at ho svarte. Ho skreiv at Davis sikkert bare trong å lesa meir, og at Lessing var villig til å sende pengar til fleire bøker til henne. Jane Davis fann ut at ho ikkje primært trong Lessing sine pengar, men fleire bøker, og desse kunne ho finna på folkebiblioteket. Det ho til slutt fekk ut av å lesa «Shikasta» og korrespondera med forfattaren, var at ho sjølv måtte ta tak i livet og skapa dei nødvendige endringane. For henne, seier ho sjølv i eit intervju, vart denne opplevinga a lifesaver.