RIKARE: Ei eksklusiv gruppe på 2300 hushaldningar eig no nær 10 prosent all formuen i Norge. Formuesopphopinga skuldast blant anna ein auke i aksjeverdiar, fond og verdipapir.
Formuesfordelinga her i landet blir stadig skeivare delt.
Homofili
Då kiloa forsvann, kom lysta attende. Men det var NRK-serien «Skam» som gav Rune Sæbønes (53) mot til å bryte opp skapdøra.
Det er den 21. desember, klokka er 21.21, og Rune Sæbønes har bestemt seg. Han har sett ungdomsserien «Skam» om kjærastane Isak og Even og veit at han ikkje kan halde fram med å leve på ei løgn. Den erfarne lokalavisredaktøren i Ørsta legg ut eit bilete av seg sjølv på Facebook med klokkeslett og dato. «Eg er Rune (53), og er, okay, homo», proklamerer han i statusfeltet.