Fredag 10. mars 2017
EIG MEIR: Dei rikaste her i landet sit på ein stadig større del av den samla formuen. Her er Norges rikaste gjennom fleire år, Kjell Inge Røkke, saman med kona Anne Grete Eidsvig under opninga av Skulpturparken i Akerkvartalet, hovudkontoret til Aker på Fornebu ved Oslo i fjor. Skulpturparken er det Magne Furuholmen (t.h.) som har laga.Foto: Lise Åserud, NTB scanpix
• Den eine rikaste prosenten eig nær 20 prosent av all formue • Større avstand mellom fattig og rik
Dei rike eig stadig meir
RIKARE: Ei eksklusiv gruppe på 2300 hushaldningar eig no nær 10 prosent all formuen i Norge. Formuesopphopinga skuldast blant anna ein auke i aksjeverdiar, fond og verdipapir.

FORMUE

Formuesfordelinga her i landet blir stadig skeivare delt.

I går la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram rapporten Økonomisk utsyn. Her går det fram at dei ein prosent rikaste hushaldningane eigde 19,8 prosent av all nettoformue, når marknadsverdi av bustad i staden for likningsverdi er inkludert.

Sidan 2012 har delen av totalformuen dei aller rikaste sit på, blitt større år for år.

Ifølge SSB eigde den eine prosenten med mest formuande husholdningar i 2012 og 2013 høvesvis 18,1 og 18,3 prosent av totalformuen, mens denne delen i 2014 var stige til på 19 prosent, og i 2015 altså utgjorde 19,8 prosent.

Ei eksklusiv gruppe, dei rikaste 0,1 prosenten, som utgjer kring 2300 hushaldningar, eigde i 2015 9,4 prosent av all formue.

«Den økte formueskonsentrasjonen i toppen av fordelingen henger blant annet sammen med en økning i verdiene på aksjer, andeler i fond og andre verdipapirer. Husholdningene med de høyeste formuene har gjennomgående plassert en høyere andel av sin formue i finanskapital,» skriv SSB.

Fakta

SSBs rapport Økonomisk utsyn:

• Delen av inntektene i Norge som dei 10 prosent med høgast inntekt får, er på ein veksande trend. Også nettoformuen aukar blant dei rikaste.

• Statistisk sentralbyrå har talfesta jobbkuttet i oljebransjen til 45.000 frå 2013 til 2016. Halvparten av kuttet kom frå 2015 til 2016.

• Auka arbeidsløyse og svakare krone har gjort Norge mindre attraktivt for arbeidsinnvandrarar. Mens nettoinnvandringa var på 40.000 i 2013 og 2014, utgjorde nettoinnvandringa 26.000 i 2016.

Auka forskjellar

Som Klassekampen nyleg skreiv er det blitt større ulikskap i Norge dei siste åra. Trenden haldt fram i fjor, målt den såkalla gini-koeffisienten, eit statistisk mål på økonomisk ulikskap.

Ifølge SSB er det fleire mål som peiker i same retning.

– Det er ein klar trend med auka ulikskap i Norge, seier Kjetil Telle, forskingsdirektør ved SSB.

Målt med gini-koeffisienten var auka i ulikskap frå 2014 til 2015 den sterkaste på ti år. Det skuldast blant anna at det blei tatt ut store aksjeutbytte i 2015, noko som SSB forklarer med varsla skatteendringar i 2016.

Telle seier at det er vanskeleg å måla formuesutviklinga, blant anna på grunn av endringar i skattesystemet. Men dei lange trendane viser aukande ulikskap, og slik har det vore sidan 1980.

Delen av totalinntektene som blir disponert av ulike inntektsklassar viser også at det er dei rike som drar frå (sjå dagens graf).

I 2015 fekk tidelen av befolkninga med dei høgaste inntektene 22,8 prosent av all inntekt, mens den tilsvarande delen var på 21,2 prosent i 2014, og 20,7 prosent i 2013.

Samstundes får tidelen med lågast inntekt endå mindre av kaka.

Innvandring er også ein viktig grunn til at avstanden mellom fattig og rik blir større.

Ventar betre tider

SSB slår i rapporten fast at fallet i sysselsettinga knytt til oljebransjen er på drøyt 45.000 frå 2013 til 2016. Halvparten av fallet kom frå 2015 til 2016.

2016 var også eit år der reallønna gjekk ned, som følge av svak lønnsutvikling og høg prisvekst. SSB trur at 2017 blir betre. For dei ser ikkje berre bakover, men legg også fram prognosar for åra som kjem i rapporten Økonomisk utsyn.

SSB trur 2017 blir litt betre for norsk økonomi enn 2016 var. Blant anna er SSB sitt tips at eksporten vil ta seg opp. Dette heng saman med tidsforseinka positive effektar av betre konkurranseevne for norsk industri, som den svake krona har gitt.

SSB legg også til grunn at krona vil halda seg svak framover.

Vidare trur SSB at investeringsfallet i oljebransjen når botn mot slutten av 2017.

Kan bli ubehageleg

Eit skår i gleda for hushaldningane framover, kan bli auka renteutgifter.

SSB trur at styringsrenta snart skal opp igjen. Fyrst med ei svak auke i 2019 til ei styringsrente på tre prosent i 2020.

– Svak lønnsutvikling, eit høgt gjeldsnivå og høgare rente i åra som kjem. Kan det bli ein farleg kombinasjon?

– I våre berekningar er det ikkje ein farleg kombinasjon. Men med renteaukar, som me veit må komma, kan ein frykta at det kan få ubehagelege konsekvensar for enkelte. Det vil det alltid ha, nokre er uheldige, seier forskar ved SSB, Torbjørn Eika.

Sjølv om den samla gjeldsveksten svakt fell i 2016, er det enkelte grupper som sit på etter kvart stor gjeld.

Delen av hushaldningar med ei samla gjeld som er større enn tre gonger samla inntekt, har auka frå 10,7 prosent til 17,2 prosent på ti år.

– Gjeldsnivået er ganske høgt blant mange, men renteauka me ventar er beskjeden, seier Eika.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 19. juli 2017
HARD NØTT: Jonas Gahr Støre innrømmer at det er svært vanskelig å hindre større forskjeller, men mener en styrket fagbevegelse er et godt sted å starte.
Tirsdag 18. juli 2017
ALEINE: Medan EU og OECD publiserer fattigdomstal, har Statistisk sentralbyrå gått over til omgrepet låginntekt. Det meiner omgrepet «fattig» blir for sterkt i norsk samanheng.
Mandag 17. juli 2017
Fattigdom: Barnefattigdommen i Norge har økt kraftig. Organisasjoner for vanskeligstilte i Norge krever strakstiltak.
Lørdag 15. juli 2017
FORSKJELL: Norsk arbeidsliv blir tryggare, tydar tal frå Arbeidstilsynet. Men det gjeld ikkje utanlandske arbeids­takarar. – Uakseptabelt, seier LO-topp.
Fredag 14. juli 2017
INNSATS: Arbeidsmiljøloven settes til side for å gjennomføre et skippertak på vedlikehold. Tillitsvalgt mener Forsvaret kaller vanlig arbeid for «øvelse» for å unngå normale arbeidstidsregler.
Torsdag 13. juli 2017
DYRT: Venner og fagfolk samlet inn penger så Ronny Bjørnestad kunne kjøpe en kur mot hepatitt C i utlandet. Det kostet 7500 kroner. I Norge koster samme medisin over en halv million.
Onsdag 12. juli 2017
MAKTA RÅR: Høy ulikhet avler motstand mot velferdsordninger, minoriteter og omfordeling i delene av befolkningen med mest makt, viser ny forskning. Det vinner høyrekrefter på.
Tirsdag 11. juli 2017
STRYK: Heimevernet mangler utstyr, trener for lite, og får ikke rekruttert befal med rett kompetanse. I en gradert årsrapport for 2016 gir forsvarssjefen Heimevernet strykkarakter.
Mandag 10. juli 2017
KRISE: I en gradert rapport slår forsvarssjefen fast at han ikke er i stand til å mobilisere Forsvaret i krise og krig. Beredskapen i Hæren, Heimevernet, Luftforsvaret og Cyberforsvaret får alle strykkarakter.
Lørdag 8. juli 2017
RÅD: Jens Stoltenberg mener Norge bør pleie et godt forhold til USA, uavhengig av hvilken president som leder landet.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk