NY TID: Den eine vart feminist då husmora var ideal, den andre vaks opp med strenge skjønnheitskrav.
Under tåka ved Drammensfjorden møtest to generasjonar feministar: Torild Skard (80), SV-veteran frå 1960-talet, som seinare gjorde internasjonal karriere i FN, og Hedda Lingaas Fossum (29), redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett. Dei to møtest for å snakka om nye og gamle feministiske utfordringar, om kjønn og feministbølgjer som har komme og gått.