Klassekampen.no
Lørdag 4. mars 2017
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
La oss tenkje mindre på barnefødslar og meir på arbeid.
Skal kvinneflukta frå bygda stoggast, må vi få noko å kome heim til

Eg er døypt på kvinnedagen. Det er neppe heilt tilfeldig, kjenner eg mor mi rett. Men i mange år var merkedagen for då eg vart døypt i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande det einaste forholdet eg hadde til 8. mars. Eg måtte flytte til meir tettbygde strøk for å få oppleve eit ekte 8. mars-tog, i alt sitt mangfald og med alle sine parolar. Min første kvinnedag vart markert medan eg var student i Tromsø. Frå den dagen gjekk 8. mars frå å vere dåpsdag til å bli kampdag.

Flyttinga til meir tettbygde strøk vart starten på bylivet for meg, og slik vart eg ei av alle dei unge kvinnene som flyttar frå norske bygder for å ta høgare utdanning i byen. Attende står rurale lokalpolitikarar og klør seg i hovudet.

SSB kom nyleg med oppdaterte tal for kjønnsfordelinga i Noreg. Finnmark kjem dårlegast ut, med 87 kvinner per 100 menn. «Hold på dama di i Hasvik. Det samme i Lebesby og Gamvik», sa Even Høydahl i Statistisk sentralbyrå (SSB) til NRK, og la til at han syns kjønnsfordelinga i Finnmark er trasige greier.

Heimfylket mitt, Møre og Romsdal, er nesten like ille ute, med 90 kvinner per 100 menn. Ei årsak til dette er arbeidsinnvandring, men det forklarer ikkje alt. Med 8. mars rett rundt hjørnet må mine medsøstrer heimanfrå berre konstatere at det blir tynnare i rekkene.

Det blir skrive mykje om kor gale utviklinga er for mannfolka, som ikkje får seg verken koner eller born fordi damene flyttar til byen og blir urbane. Men verst må det vere for kvinnene som blir att, og som kjem i mindretal i eit fylke der dei allereie er underrepresenterte i arbeidslivet og politikken.

Danmark, vårt flate naboland, har tradisjonelt vore meir sentraliseringsivrige enn oss, og trenden med urbanisering har soleis kome lengre enn i Noreg. Dei danske kvinnene har flytta til byane for lengst og bygdene har dermed vorte ufikse. I 2013 viste den danske avisa Politiken til forskaren Rasmus Ole Rasmussen som var uroa for estetikken på den danske landsbygda. «Hvis man tager rundt i Danmark, ser man hurtigt de lokalsamfund, hvor der mangler kvinder. De forfalder, fordi der ikke er nogen, som holder mændene i ørene, når det handler om at vedligeholde husene, og haverne forfalder. Det hele ender i en lidt ynkelig tilstand», slo han fast.

Slik ser det altså ut i utkants-Danmark: Husa forfell og blomsterbeda ser ikkje ut. Meir alvorleg er det at mangelen på kvinner kan auke risikoen for alkoholisme og kriminalitet blant mannfolka som blir att. For kvinnene kjem ikkje heim etter at mastergraden er levert. I byane finn dei jobbar som kan passe til universitetsutdanninga, likesinna venninner og det som ofte blir omtala som «eit rikt og variert kulturliv». Det einaste dei kanskje kan mangle, skriv Politiken, er menn. «Der fødes for få børn. Og det bliver jo ikke lettere af, at de unge mænd og kvinder placerer sig forskellige steder i landet», seier kommunalforskar Roger Buch til avisa.

Mon det. Mykje tyder på at forskarar og politikarar må tenkje mest på arbeid, og mindre på barnefødslar, dersom dei skal få lokka kvinnene attende til utkanten. Ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) frå 2012 slår fast at arbeid er den viktigaste årsaka til at folk flyttar frå heimstaden sin. Kvinner tek oftare høgare utdanning enn menn, og har difor enklare for å finne arbeid i byane.

Likevel bur halvparten av nordmenn på førti år i den kommunen dei vaks opp, slår rapporten fast. Litt fleire av desse er menn enn kvinner. Barn er i aukande grad fødde i sentrale strøk, noko som bidreg til å forsterke sentraliseringa.

Når statlege arbeidsplassar no skal flyttast ut av Oslo slik regjeringa og Venstre har lova, er det tiltak som kan monne. Det er så enkelt, og så vanskeleg. Kvinnene flyttar ikkje tilbake ved tanken på at blomsterbedet heime har kome fullstendig ut av kontroll. Men kanskje kan det vere medverkande, dersom det likevel finst arbeid å reise heim til.

Mannskulturen er ei anna utfordring norske lokalpolitikarar må handtere dersom kommunane dei har ansvar for, skal tiltrekke seg kvinner. Mitt eige heimfylke, Møre og Romsdal, er blant verstingane når det kjem til talet på kvinner i dei lokale kommunestyra. Sett i samanheng med den maskuline næringsstrukturen i fylket, og det faktum at svært mange kvinner der arbeider deltid samanlikna med andre stader i landet, får ein inntrykk av Møre og Romsdal som eit fylke der mannfolka styrer i næringslivet og politikken. Kvifor skal ei kvinne flytte heim til ein kommune som blir styrt av menn, og som moglegvis har ei tretten prosents stilling som sjukepleiar å by henne?

Delen kvinner i norske kommunestyre har gått frå fem prosent i 1945 til 39 prosent etter valet i 2015. Men ifølgje SSB og forskarar ved Uni Rokkansenteret i Bergen har utviklinga flata ut dei seinare åra, og berre handla om desimalar. Kvinner som blir valt inn i norske kommunestyre sit i gjennomsnitt berre ei periode, medan menn sit i to, minst. Det skal bli spanande å sjå kva effekt kommunereforma kan få på kvinners representasjon i lokalpolitikken. Kan større konkurranse gjere det endå vanskelegare for kvinnene?

Sjølv blir eg i byen og går i 8. mars-tog her. Men mange vil flytte dit dei kom ifrå når utdanninga er fullført.

Skal kvinneflukta frå norske bygder stoggast, må arbeid og likestilling vere nøkkelord for både nasjonale og rurale politikarar. Norske – og danske – bygdejenter fortener meir enn eit blomsterbed å kome heim til.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 27. mars 2017 kl. 13.18

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk