Kjipe kjøpesenter

Stygt eller fint: Blir eit kjøpesenter ein ok plass berre det er koseleg nok? Her frå eit kjøpesenter i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum/Scanpix

Byutvikling: Ei casebasert utforsking av norsk kjøpesentrifisering har sett fyr på debatten om bysentra våre.

Inni ein novembergrå boks ein stad i landet er det fullt av folk. Sidan alt kan kjøpast på kjøpesenteret, er det dit me drar, til ei temperert og enkel verd. Kredittkort går varme under kvite lysstoffrøyr. Ein mannleg pensjonist går forbi med ei handlevogn full av dopapir på tilbod. Samstundes i sentrum: Skobutikken er lagt ned. Torget er tomt. Byhjartet har døydd. Tilbake står draumane om kaféliv, butikkar med kortreist kålrabi og stileg sykkelparkering. Kjøpesenteret har blitt sjølve symbolet på mislukka byutvikling.