Har Breivik sine soningsforhold vore «umenneskelige» eller «nedverdigende» og i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel 3? Ja, sa tingretten. Lagmannsretten skal snart seie sitt, og det er langt ifrå sikkert at saka vil stoppe her. Kanskje går saka heilt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Samstundes avspeglar den ein meir generell problematikk i strafferettsutviklinga.
Lovgjevaren har ikkje makta å halde skuldspørsmålet og omsynet til tryggleik fråskilde i Breivik-saka.