Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lovgjevaren har ikkje makta å halde skuldspørsmålet og omsynet til tryggleik fråskilde i Breivik-saka.

Det norske kontrollregimet

Isolert? Onsdag blir dommen i ankesaka mellom Breivik og staten lagt fram. Saka er eit utslag av at klander og tryggleikstiltak har blitt blanda saman i strafferetten, skriv forfattarane. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix

Har Breivik sine soningsforhold vore «umenneskelige» eller «nedverdigende» og i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel 3? Ja, sa tingretten. Lagmannsretten skal snart seie sitt, og det er langt ifrå sikkert at saka vil stoppe her. Kanskje går saka heilt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Samstundes avspeglar den ein meir generell problematikk i strafferettsutviklinga.