Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bileta til Hertervig var ikkje noko som Kielland ville hengja over sofaen.

Suksess i kunsten

Draumeaktig: Lars Hertervigs «Skogtjern» frå 1865.

Midt på attenhundretalet sende nyrike kunstentusiastar i Stavanger den lovande unge Lars Hertervig til opplæring i Düsseldorf. Omtrent samtidig blei Alexander Kielland fødd, han som skulle bli ein av dei mest framståande forfattarane i si samtid. Han òg for utanlands i ungdomen, men levde sine vaksne år i heimbyen, der Hertervig for lenge sidan var komen tilbake etter å ha gjeve opp kunststudiet. Mot slutten av hundreåret skreiv forfattaren ein avisartikkel om kor dårleg det hadde gått med målaren: Han var sinnssjuk og lutfattig, og dei bileta han laga, var berre barnerabbel.