Lørdag 25. februar 2017
Historie: Ein mann forsøkjer å tilby hjelp, i ruinane av tvillingtårna 11. september 2001. Foto: Doug Kanter/AFP/Scanpix
Tankevekkjande
Terrorhistorie: Nikolai Sitter treff blink i si analyse av samtidas «terrorfelle».

Anmeldelse

I Eurobarometer-undersøkingane, som vert utført på tvers av EU sine medlemsland, vert det blant anna spurt om kva utfordringar ein ser, både på europeisk nivå og i sitt eige land.

Den siste undersøkinga, som vart utført i november i fjor, synte at EU-borgarane oftast listar opp «innvandring» og «terror» når dei skal peika på utfordringar på europeisk nivå. Dei som søkjer etter forklaringar på at populistiske, høgreradikale parti gjer det skarpt i fleire land har ein stad å leita. Tala ser rett nok annleis ut når ein spør om utfordringar på nasjonalt nivå. Då er det arbeidsløyse folk er mest uroa over, også i dagens Europa.

Likevel er terror og terrorfrykt utvilsamt delar av vår tid. Då er det kanskje på tide at ein får ei samla, norskspråkleg framstilling som BI-professor og terrorforskar Nikolai Sitter si bok «Terrorismens historie». På omslaget heiter det at boka er «et bredt anlagt forsøk på å forstå terrorismens vesen – hvorfor den oppstår, hvem terroristene er og hvordan denne trusselen kan møtes». Det er eit mildt sagt ambisiøst bokprosjekt.

Etter ei god innleiing, med ein nyttig diskusjon rundt korleis ein definerer terrorisme, vert ein kasta inn i eit maraton gjennom terrorhistoria, gjennom anarkistiske terroristar, gjennom nasjonalistiske terrorgrupper som IRA, LEHI og EOKA, forbi venstreekstremistane i tyske RAF og italienske Brigate Rosse, innom høgreekstremistar frå vidgjetne Timothy McVeigh til meir ukjende Franz Fuchs, og sjølvsagt med ein solid introduksjon til islamistisk terrorisme.

Fakta

Sakprosa

Nikolai Sitter

Terrorismens historie

Attentat og terrorbekjempelse fra Bakunin til IS

Dreyers forlag 2017, 390 sider


Det heile er til å bli andpusten av. Dette er ei bok ein helst bør ha god tid til å både lesa og fordøya.

Researcharbeidet som ligg bak er imponerande, noko eit omfattande noteapparat og ei solid litteraturliste også vitnar om. Men i blant glipper det. I samband med høgreekstrem politisk vald i USA nemner Sitter til dømes Christian Identity-rørsla, noko som er langt frå unaturleg. Men han omtaler også denne rørsla som «kristenfundamentalistisk». Det er eit omgrep som i det minste fortener å vera problematisert. Grunnleggjande i denne rørsla sin heller alternative teologi er ei førestilling om at det er europearane som er Guds utvalde folk, medan jødane stammar frå Kain. I botnen ligg djuptgåande rasisme, snarare enn ei fundamentalistisk tolking av kristendomen.

I innleiinga nyttar også Sitter nemninga «einsam ulv» om Timothy McVeigh, sjølv om det – slik Sitter seinare sjølv påpeiker – knappast er riktig. At ein i løpet av eit par hundre sider vert presentert for så mange ulike historiske fenomen har også eit anna, nær uunngåeleg, resultat: i blant vert tempoet for heseblesande og overgangane frå det eine til det andre for brå. Dessutan kunne ein i blant ynskja seg at Sitter endå oftare tok i bruk forteljargrep, som når han startar gjennomgangen av anarkismens historie ein kald vinterdag i St. Petersburg.


Dei fyrste tre fjerdedelane av boka er likevel ein særs lærerik, interessant og faktaspekka gjennomgang av terrorismens historie.

Men det er den fjerde hovuddelen av boka det skin av. Her går Sitter fyrst til åtak på tre myter om terroristar som vonde, gale og undertrykte, forklaringar han peiker på at kan vera både overdrivne forenklingar og direkte villeiande. I staden for desse argumenterer han for å sjå på terrorisme som ein strategi. Det utelukker ikkje «politiske og sosiale tilstander [som] grobunn for terrorisme», men legg vekt på overgangen frå fredeleg motstand til bruk av politisk vald som ein prosess. Deretter drøftar Sitter ulike typar mål og strategiar i grupper som tyr til terror som verkemiddel. Så stiller han spørsmål: Kva oppnår terroristar?

Svaret er at dei sjeldan vinn fram. Kanskje klarer dei å påverka den politiske agendaen, men dei færraste når sine overordna politiske mål. Det finst unnatak, men dei er knytt til nasjonale motstandskampar med breiare folkeleg støtte, der Sitter meiner at «andre politiske faktorer spilte en større og viktigere rolle enn væpnet kamp».

Både det historiske stoffet og oppsummeringa av kva terroristar faktisk har oppnådd gjev Sitter eit godt grunnlag for å svara på boka sitt avsluttande spørsmål: korleis kan ein bekjempa terror? Han åtvarer mot å gå i det han kallar terrorfella. Den mest nærliggande strategien, ein strategi det også kan vera lettast å få gjennomslag for i ei befolkning råka av terrorisme, er militær nedkjemping av terrorismen. I det lange løp har det synt seg å vera den strategien som fungerer dårlegast. «Demokratiske ledere står overfor et grunnleggende dilemma i kampen mot terrorisme», skriv Sitter.


På den eine sida tilseier 150 år med erfaringar at terrorisme ikkje bør sjåast på som eit eksistensielt trugsmål; at raske, dramatiske tiltak kan verka stikk i strid med formålet og at det ofte er verdt å prioritera politi, etterretning og informasjonsarbeid, sjølv om dei kan ha «langsommere og mindre synlig effekt». På den andre sida vil ein demokratisk vald politikar fort verta kritisert for manglande handlekraft. Det er eit dilemma verdt å dvela over i dagens Europa.

bokmagasinet@klassekampen.no

Øyvind Strømmen er utdanna religionsvitar og redaktør for nettstaden hate-speech.org.


Artikkelen er oppdatert: 25. februar 2017 kl. 08.37
Lørdag 18. mars 2017
Glødande: Skriftene til Torunn Borge prangar ikkje, men ber fram klåre tankar og klokskap.
Lørdag 11. mars 2017
Udåder: Det er ikke stillhet og glemsel som hindrer oss i å ta moralsk ansvar.
Lørdag 4. mars 2017
Byutvikling: Ei casebasert utforsking av norsk kjøpesentrifisering har sett fyr på debatten om bysentra våre.
Lørdag 25. februar 2017
Jan Erik Volds diktsamling «HEKT» frå 1966 er komme i opptrykk. Det skjer i samband med utstillinga av verka til Sidsel Paaske, der blant anna illustrasjonane hennar til Volds bok er å finne. Utstillinga står til 26. februar. Dette er ein fin...
Lørdag 25. februar 2017
Terrorhistorie: Nikolai Sitter treff blink i si analyse av samtidas «terrorfelle».
Lørdag 18. februar 2017
Menneskelig: Klisjeen om sterke kvinner får en overhaling i Elena Ferrantes «Svikne dagar».
Lørdag 11. februar 2017
Sammen: Bals leverer et kampskrift for det organiserte arbeidslivet. Men deler av fagbevegelsen og arbeiderklassen har ikke fått plass.
Lørdag 4. februar 2017
Manifest: «I love Dick» er ein total revurdering av livet som kvinne.
Lørdag 28. januar 2017
Radikalisering: Vitanzas bok gjør det mulig å forstå hvordan krigen i Syria fremstår som et svar – noe som vil gi en mening med livet.
Lørdag 21. januar 2017
Brev: Wencke Mühleisen skriver med en sjelden grad av oppriktighet.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk