Lørdag 25. februar 2017
Ungt håp: Ein ung Jan Erik Vold mottek Tarjei Vesaas-prisen i 1966. Formann i Forfatterforeininga, Odd Bang Hansen, overrekkjer prisen. Foto: Scanpix arkiv
Opptrykk: Jan Erik Volds dikt er vekkjarar og skjerpar oss, samtidig som dei er fine å lese.
Hekta på et håp

Jan Erik Volds diktsamling «HEKT» frå 1966 er komme i opptrykk. Det skjer i samband med utstillinga av verka til Sidsel Paaske, der blant anna illustrasjonane hennar til Volds bok er å finne. Utstillinga står til 26. februar.

Dette er ein fin anledning til å gjenlese den tidlege Vold, og kanskje kan den fine diktboka no nå ut til fleire lesarar. Boka er skriven i ein stil som ber preg av imagisme og objektivisme, der konkrete gjenstandar – ein passar, ei klokke, ein skrue, blir vist fram utan store innblandingar frå forfattar-eget «å skru i / en skrue / først bore / med naver så / la skrujernet / få godt feste / i skruhodet / og ta noen / tak […]».

I eit intervju med NRK frå 1972 spør intervjuaren kvifor så mange av dikta handlar utelukkande om ting. Vold svarte: «Kanskje man kan få sagt noe forholdsvis tydelig ved å late som det er ingen som ser det, bare at det er en ting som er sett. Og det det da igjen slår tilbake på er: Hva med den som har sett det på den måten og skrevet det på den måten?»

44 år seinare ga han eit ufyllande svar til NRK sitt program Diktafon: «I spørsmålet ligger det kanskje et savn av personer, siden det er tingene som blir beskrevet og eventuelt agerer.»

Forfattaren sler fast at forskinga på bøkene hans ikkje har skote fart på same måte som den har med Knausgård, Solstad og Ulven, og «HEKT» vart ikkje mykje omtalt i si tid, trass i at den handla om aktuelt, brennbart politisk stoff, om krigføringa i Vietnam. Dette er synd, for det er ei rik bok som viser ei observasjonsevne som tek inn over seg detaljar, ting og politiske så vel som kvardagslege hendingar. I diktet ‘istappetid’ stiller forfattaren saman istappar på eit hus i Norge (?) med bomber som fell «i fjerne kriger»: «og idet du / heller i deg den siste kaffen og skritter langt // ut på fortauet før du kaster et blikk over inngangen / der istapper henger fra taket som økseblad / over hoggestabben er allerede / den feilbombede landsby fra øverste hold blitt dypt // beklaget og fiendens landsby registrert som fulltreff».

Fakta

Dikt

Jan Erik Vold

Hekt

XXXXXXX, XXXX sider


Stilen kan minne om den amerikanske poeten Stephen Ratcliffes dikt i boka «Human / Nature» frå 2007, ein annan poet i den objektivistiske tradisjonen. I dikta hans blir nøkterne naturobservasjonar plasserte side om side med utsegner frå Irak-krigen: «Hans Blix thinking / Iraq’s plan to destroy missiles is ‘real disarmament,’ White / House claiming ‘total disarmament is total disarmament’ / man / on right moving through blue-whiteness of falling snow, noting / ‘it’s waiting for us to die,’ woman pushing his shoulders back / down into snow».

For Vold som hjå Ratcliffe handlar det om å auke lesarens lytte- og observasjonsevne, så ein igjen kan bli merksam på sine omgjevnader. I Diktafon konstaterer Vold at «når du ser lenge nok på en ting så er det mange av de tingene som blir spennende i seg selv og sier noe om en tilstand som er part av det vi kaller ‘livet’».

I vår tid er det meste mediert og vinkla på ein viss måte som skal tale for ei sak: noko skal seljast, eller ei overtyding formidlast, men dikta i «HEKT» vil vise oss korleis det politiske er berre éin av mange element i ei detaljrik verd. Og nettopp ved å ta inn over seg detaljane kan sansane og empatien vekkjast til live: «jeg så / en kvinnes / myke bryst / tegne seg av / mot den klebrige / uniformsskjorten / der hun stod / postert / med geværet / i beredskap / en liten / vever / vietcongkvinne […]»


Eitt av mottoa til objektivistiske poetar er linja frå den amerikanske poeten William Carlos Williams, «No ideas but in things!» eller «Ikke idéer men ting!» som det heiter i Volds omsetjing frå 1969. Vold presenterte eit utval av dikta hans på norsk i 1969 i boka «Love».

Og det er nettopp tinga som får Vold til å tenkje på flyktningekrisa verda no opplever. I Diktafon snakkar han om sitt dikt der passaren teiknar ein sirkel, og korleis den er i ferd med å sluttast. Det minner han om avgrensingar som blir sett, til dømes mellom flyktningar og Norge.

Volds dikt er vekkjarar og skjerpar oss, samtidig som dei er fine å lese. Dei viser oss noko utan å agitere. «HEKT» bør vi finne fram igjen, om vi har latt den gå hus forbi før, den er ei bok ein kan meditere over, og det er nødvendig i vår flaum av inntrykk.

bokmagasinet@klassekampen.no


Artikkelen er oppdatert: 1. mars 2017 kl. 15.30
Lørdag 25. februar 2017
Jan Erik Volds diktsamling «HEKT» frå 1966 er komme i opptrykk. Det skjer i samband med utstillinga av verka til Sidsel Paaske, der blant anna illustrasjonane hennar til Volds bok er å finne. Utstillinga står til 26. februar. Dette er ein fin...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk