Mandag 20. februar 2017
MØTE med UBER: Heidi Nordby Lunde (H) (til venstre) og Irene Johansen (Ap) møtte nyleg Uber-sjåførar og leiinga i Uber Norge på Saga kino i Oslo. Ingen kunne lova raske lovendringar. Samling med Uber, på Saga kino. Foto: Tom Henning Bratlie
Stortingspolitikar ber Uber-sjåførane halda seg på hjul, så blir kanskje lova endra:
Oppmodar til lovbrot
Undersak

Filip blei tatt og straffa

Filip registrerte seg som Uber-sjåfør fordi han mangla jobb.

– Eg søkte forskjellige jobbar, med det gjekk trått. Rekningane kom heile vegen. Til slutt valde eg å melda meg inn på Uber. Det var ingen hinder der for å setta i gang med ein gang. Eg blei litt hekta, seier Filip, som ikkje vil ha etternamnet sitt på trykk.

Uber-køyringa fekk ein slutt då han blei kalla inn til avhøyr hos politiet. Han var blitt meld for piratkøyring. Det resulterte i ei bot på 8000 kroner. Han mista lappen og må betala tilbake alt han tente på Uber.

– Eg hadde tent 126.000 netto, eg hadde innrapportert det til skattemyndigheitene.

– Følte du at du køyrde drosje?

– Nei, eg følte at eg køyrde bil og møtte menneske. Uber gav meg høve til å gjera noko anna enn å stressa med å ikkje få betalt rekningar.

(KL)APPAR: Høgre-topp Heidi Nordby Lunde oppmodar Uber-sjåførar til sivil ulydnad mot eksisterande lovverk. Sjåførane risikerer fleire former for straff.

SAMFERDSEL

Kontroversielle Uber ser med spenning på framtida, etter at eit offentleg utval forslo å fjerna løyvekravet for drosjar. Over 150.000 personar har lasta ned app-en og registrert bankkortet sitt hos Uber, ifølge selskapet. Oslo er éin av 500 byar med Uber på vegane.

Frå baksetet klappar stortingspolitikar Heidi Nordby Lunde frå Høgre for sjåførane. Ho vil endra regelverket slik at Uber og liknande tenester får grønt lys. Det er uklart om det er støtte på Stortinget for å fjerna løyvekravet.

Fakta

Strid om drosjeløyve:

• Delingsøkonomiutvalet foreslår blant anna å oppheva løyvekravet i drosjenæringa.

• Kravet om løyve for å driva persontransport mot vederlag er nedfelt i yrkestransportlova.

• Politiet har fått medhald i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett i tvistar knytt til straff etter brot på lova.

• Det er uklart om det er fleirtal på Stortinget for å fjerna løyvesystemet.

• Samferdselsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om lovendring, som i større grad vil opna for samkøyring. Men departementet foreslår ikkje å fjerna kravet om løyve for å driva persontransport mot vederlag.

«Sivil ulydnad»

Men inntil lova er endra, seier Lunde at Uber-sjåførane må fortsetta å køyra. Sjølv om dei risikerer straff.

– Eg tar Uber i Oslo så eg ønsker at dei skal fortsetta å køyra.

– Men du ønsker også at politiet skal gjera jobben sin?

– Ja, men det er jo sivil ulydnad mot eksisterande lovgiving. Eg trur at viss Uber stoppar no, kjem det nok ikkje til å skje noko endring. Dette blir aktualisert ved at dei er her, seier Lunde, som håpar at Uber får konkurranse frå andre tilsvarande nettbaserte tenester, som Lyft.

– Men dei bør fortsetta å køyra ulovleg for at det skal bli ei opning for det?

– Mi anbefaling er å i alle fall ikkje å stoppa. Som sagt køyrer eg Uber i Oslo sjølv.

– Oppmodar du til lovbrot?

– Eg vil ikkje gi deg den setninga. Viss det er lovbrot, er det sivil ulydnad. Det er det same som når butikkane berre kunne halda ope til fem på 1980-talet. Det var eit hån mot kvinner. Me må endra lova.

– Er eit lovbrot

Politiet i Oslo meiner yrkestransportlova er klar.

– Å driva persontransport mot vederlag utan løyve, er lovbrot, seier Ole Rasmus Knudsen, politiinspektør ved trafikkseksjonen i Oslo politidistrikt.

– Den som gjer dette, risikerer utover bøtlegging inndraging av førarkortet, bruks­forbod på bilen og at inntekter blir inndratt, seier han.

Oslo-politiet har fått medhald i tingrett og lagmannsrett for si tolking av lovverket.

Uber Norge står framleis fast på at Uber-sjåførar opererer innanfor ramene lova gir, og seier at saker skal til ankebehandling. Men er open for at dei tar feil og fortel partnarsjåførane om risikoen.

– Me meiner at det er lovleg, men me må vera open for at det er aktørar i samfunnet som ikkje er einig i det. Uansett er det viktigaste å raskt få på plass ny regulering, seier Carl Edvard Endresen, sjef for Uber i Norge. Han er kritisk til ressursbruken i politiet.

– Folk opplever at politiet i sivile bilar køyrer etter dei, eller når folk får besøk av politiet på døra. Det er for lenge sidan bevist at Uber er ei god og trygg teneste.

Politiet avviser at det er noko ekstraordinært ved arbeida deira relatert til Uber og at dette er ordinære straffe­saker.

Også Irene Johansen, stortingspolitikar for Arbeidarpartiet, vil legga til rette for nye formidlingstenester og forretningsmodellar, innanfor regulerte former.

– Eg synst det er synd at me motarbeidar ei teknologisk utvikling som folk bruker og er glad for, seier ho.

– Køyrer du sjølv Uber?

– Eg har aldri prøvd det, eg prøver å halda meg på den lovlege sida.

anneh@klassekampen.no

Fredag 19. januar 2018
UENIG OM JUSSEN: Per Andreas Bjørgan mener det er uheldig å gjøre dyptgripende endringer av offentlig sektor på grunn av svært teoretisk forståelse av EU-retten.
Torsdag 18. januar 2018
KLATRAR: No skal Torbjørn Røe Isaksen lære seg inntektssida på statsbudsjettet. – Eg ser han gjerne som Høgre-leiar og statsminister i framtida, seier fylkesleiar.
Onsdag 17. januar 2018
GRUVESJOKK: Ola Elvestuen blir ny miljøminister, men Venstre får ikkje stoppa at omstridt gruveavfall går ut i Førde­fjorden. – Ikkje til å tru, seier Natur og Ungdom.
Tirsdag 16. januar 2018
FOTEN NED: Knut Arild Hareide meiner vi ikkje har råd til store skattelettar i åra som kjem. Regjeringserklæringa er ei av dei vagaste han har lese.
Mandag 15. januar 2018
TRYGD: Beza betalte 300.000 kroner til staten, men fikk ikke trygd da barna ble født, eller da han mistet jobben.
Lørdag 13. januar 2018
STANS: Unge Høgre innfører umiddelbar alkoholforbod på ubestemt tid etter Riise-saka. Ungdomspartia er delt om alkoholbruk på partisamlingar.
Fredag 12. januar 2018
SPLITTER: Samme uke som partisekretær Kjersti Stenseng gikk beinhardt ut mot Hans Kristian Amundsen, ble han i et lukket møte på Stortinget tatt varmt i forsvar av klubblederen for Aps stortingsansatte, Ingunn Yssen.
Torsdag 11. januar 2018
STASING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) takka for maten under NHOs gallamiddag. I same slengen lova han ei heilt ny reform.
Onsdag 10. januar 2018
BREMS: Selv om norsk økonomi går bedre, bør ikke arbeidstakerne forvente et bedre lønnsoppgjør i år. Det mener flere topper i norsk næringsliv.
Tirsdag 9. januar 2018
UROLIG: Sysselsettingsandelen i be­folkningen kryper stadig nedover. NHO-direktør Kristin Skogen Lund mener det er på tide å se på hvordan velferdsordningene fungerer.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk