Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sykkelen krev at me held oss i likevekt.

Folk som kan ting

Det har kome sykkelveg alle dei tre kilometrane frå der eg bur til kjøpesenteret. For å få han til å gå ihop på midten, måtte det byggjast ny bru over motorvegen, og bilane måtte køyra med halv fart i månadsvis for eit miljøtiltak som det inntil vidare berre er eg og nokre få andre som bruker. Enn så lenge ligg prisen per sykla kilometer på godt over tusen kroner. Det er dyrt å retta opp skadeverknaden etter dårleg samfunnsplanlegging, men billigare enn å venta til det har blitt endå verre.